Virrande dag
Virrar hit og dit – virre virre vapp….
Skal skal ikkje
Nei ikkje i dag…. tanken på eit bad i sjøen kom opp
I morga heller
Ja, fredagsbad må det bli
Gå tur da?
Njaaa handle fyrst, på apoteket og slikt, og gå tur etterpå, og kanskje bade….
Og heim det barst utan tur eller bad… ja måtte få orden på apotekertinga eg hadde handla, og få i system noko anna
Ein kopp kaffe, og ser at sola ikkje blir å kome heilt fram i dag….
Jaja… skal ikkje bade i dag og kroppen slit etter turen i går –
så då er det lurt å ta det med ro
Jammen sa eg smør!!!
Kjem på at det var noko eg skulle ha på butikken igjen, men er ikkje heilt sikker på kva det er …. kler på meg, tek sikte på at det blir ein tur mot Flø også,
og går ut, med bilnøklane i handa
Brått står eg i hagen med sag og hekk-saks –
og etter ein time har eg klipt reint eit tre
Då tenkjer eg med meg sjølv at no har du verkeleg gjort det Mette….
Overdreve og anstrengt kroppen hakket eller tre for langt
Orkar ikkje rydde greinene opp i tilhengeren, men går inn og let att døra
Fy fader så sliten eg er tenkjer eg
Hallo altså!
Er det nokon grunn til det, slik som du herjar på, seier eg tilbake til meg
C er på jobb-reise så han er ikkje og bivånar galskapen
Jaja… får lage lasagne då, til C kjem heim
Yngste sonen, som bor i Oslo, ringer medan eg steiker kjøttdeiga
Kikar i kjøleskapet og ser at eg manglar ost
Det var det eg skulle å handle då eg havna i hagen og klipte reint eit tre
Treet som er klipt reint var spurvane så gla i… no har dei brått ikkje treet å hoppe rundt i… men det går nok bra
Ser arbeidet eg har gjort i hagen, når eg for endte gangen går mot bilen og skal køyre…
Ost var det…
Lag deg ein flotters fine torsdag vidare der du er
Haha, måtte le litt, for jeg kjenner meg igjen. Slik er det enkelte dager. hatt det slik de siste dagene selv 😉
Går som regel bra til slutt 🙂 Klem <3
Ja det går som regel bra til slutt 😊
Hahaha du høres presis ut som meg 🙂 Er du født i vekten du også? Bare å innta sofaen som hjelper etter slike dager <3 klæm på vei 🙂
hehehe
Jeg er skytte 😁
Alt ordner seg som regel til slutt! Noe virring blir det innimellom! Klem <3
Ikke sant 🙃😅 klems
Sånne dager har man jammen av og til. Ingenting blir helt som man vil. Men det var da, nå er det en ny dag. Klemsiklem
Det var da, og nye dager kommer til 🙂 klems