angre

 

kvifor er det ting som festar seg og anna ikkje
noko sit klistra og annet glemmes
noe gjemmes og noko vil du ikkje hugse
så kjem eit bilete, eit glimt av noko, ei duft eller ein lyd
så er du tilbake
det går eit søkk igjennom kroppen
og eit lite augneblink ynskjer du deg dit igjen
berre eit lite augneblink
du ser det for deg
noko
men veit ikkje kva
det er følelsar som styrer
eit blaff av sakn
men sakn av kva
ein følelse og noko som var
du var ung
det var
så heftig
så virkelig
og så forsvant det
valg
uforståelige valg
som den gongen var grav alvorlege og livsviktige
du både angrar og angrar ikkje
du kan ikkje angre
kva hadde skjedd då
du veit ikkje
og du får aldri vite

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
21. april 2024

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

 

10 kommentarer

Siste innlegg