angsten

 

 

Du kan ikkje trylle den vekk,
og heller ikkje viske den ut,
angsten.
Du har flotte dagar og lever det gode liv.
Angsten er borte, redsla er vekk.
Ingen tankar eller følelsar av utryggheit.
Ingen kan kome og vippe deg av pinnen.
Ingen kan ta frĂĄ deg det gode liv.
Trur du.

 

 

Du har ikkje heilt kontroll.
Det kjem smygande.
Tek kvelartak litt om gangen, til du ikkje fĂĄr puste.
Tankane og angsten.
Det er dĂĄ du tek tak, grep om dine tankar.

 

 

Fokuserar pĂĄ det som er godt her i livet.
Du har ein jobb ĂĄ gjere om du vil ut av tanke-helvete.
Og det vil du, og du klarar det, enda ein gong.
Eit steg av gangen, ut av angsten.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

#minedikt #repostminedikt #etdiktomdagen #repost #angsten #tankehelvete

8 kommentarer

Siste innlegg