augene…

 

 

Vidåpne auge
Du høyrer og sansar
men augene tek ikkje imot
Dei berre stirar tomt ut i verda
Eit stille rop om hjelp som ingen høyrer
Vidåpne auge som talar sitt eige språk
“Eg ser deg, og er glad i deg”
Du ser det, gjer du ikkje
Med vidåpne auge
“Eg høyrer deg – berre snakk du”
Det er ikkje så tomt som det ser ut til
Eg er her inne ein stad, og lyttar
“Eg er glad i deg”

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 


#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

4 kommentarer

Siste innlegg