avhengig…

 

I dag skal eg ikkje dele noko
Nei, i dag skal eg late att auge og øyre og berre være her og no
Ikkje sjå verken på instagram eller noko anna…
Ikkje være “pålogga”

Jau, kanskje eg skulle ha eit innlegg på blogg?
Det er no standard kvar morgon det, med mine dikt
Jaja… det er noko anna det
Noko anna enn instagram

Eg skal ikkje legge ut noko på instagram på fleire dagar
Åh for eit flott motiv!
Søren også – skal eg ikkje dele dette med nokon
Berre meg sjølv?
Nei, dette må eg dele på insta

Eg kan droppe innlegg ein annan dag
Søren kor vanskeleg dette var då
Å ikkje skulle dele med nokon
Men kven bryr seg eigentleg
Om eg ikkje delte nåkre dagar
Men, eg ser no at eg saknar bilder og tekst frå andre eg “fylgjer”,
på nett,
– når dei ikkje har lagt ut på fleire dagar eller veker
Eg er visst avhengig eg!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
04.12.2022

 

#avhengig #tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

12 kommentarer

Siste innlegg