berre gløym det

 

 

Du pratar før du får tenkt deg om,
ikkje sant
Rett og slett tråkka litt ekstra i salaten, og for seint å trekkje tilbake
Ro ro til fiskeskjær….
Av og til kan det roast inn og forankrast, mens andre tider går det ikkje å tette hulla
Det er så slitsomt å tråkke i den salaten
Årane blir tyngre og tyngre, og du klarar ikkje ankre båten,
men ligg utpå og skvulpar
Det har med måten ting verte sagt på,
ikkje sant
Ordlegginga,
og kva som kjem fyrst og sist
Du kunne bitt av deg tunga
Søren tenkjer du –
men så vart det for seint
Ingen vits å bite av seg tunga i alle fall….
berre gløym det…
Og du ror for harde livet

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
15. mai 2025

 

#tankerblirtilord  #minedikt #etdiktomdagen

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg