Du kjenner du ikkje har krefter
Maktar ikkje lyfte deg sjølv
Klarar det liksom ikkje
Synker sakte i hop – lukker augene
Det kjem så brått
Styrken berre er som blåst bort
Resignasjon og kjensla av vemod
Kjenner at tankane vandrar dit dei ikkje skal
Nappar dei opp og skyver dei ut
Ein etter ein fell dei frå
For er det ein ting å ikkje orke no, så er det å hanke opp enda ein nedtur
Kampen
Ta det her og no
Akkurat her og no i sekundet
Om ikkje…. ja då veit ein ikkje heilt utfallet
Nappe ut ein etter ein, og skyve vekk
Jobbe med tankane
Være sterk
Være modig
Være tålmodig
Det går seg til sakte men sikkert
Kampen og kampane ligg i hopetal – brikkar som støtter opp fundamentet
Sjå opp og fram – ignorer smerte så godt det let seg gjære
Bite tennene saman og smile
Smile!
Då er halve jobben gjort….
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
27.11.2022
#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen #halvejobben
Energipåfyll? Det får jeg iallfall ved å se på bildet du har her!


Håper du får litt selv også.
Tusen takk! Ja jeg får energipåfyll nesten hver dag
God torsdag til deg !
Uff, det er slitsomt å måtte bite tenna sammen! Og smile………..! Ta vare på deg – klem <3
Tusen takk – og i like så til deg gode du