huggorm

 

 

LÆRDOM

Du kan høyre latteren og hyla frå longt bak i tid.
Den dagen vi var og plukka blåbær.
Og brått var der ein huggorm som øydela idyllen.

Vi tok beina fatt nedover og nedover.
Blåbæra fauk til alle kantar.
Og vel nede igjen, andpusta og skrekkslagne, der vi hadde sprunge rett gjennom skogen, og ikkje grusvegen.

Foreldre og besteforeldre rista på haude og uffa og akka.
Den huggormen kan rulle, og kanskje den nett rulla rett forbi.
For det er slik at det luraste er nok å gå mote bakken, då huggormen ikkje er like rask den vegen.

Ja, dette var lærdom å ta til seg for oss små.
Aldri om blåbærplukking vart artig igjen, iallefall ikkje for min del.
Om det no var huggorm handa til bror min traff på den dagen?
 

mettekvalsvik
(29.07.16)

 

 

 

#dikt #minedikt #blogg #blåbær #plukkebær #tirsdag 

skygge

VÅR-CHALLENGE
DAG 3

Tema i dag er skygge.

Ideen for vår-challenge, ja den kommer fra denne damen:


FRODTIH


Så gå innom henne og se hvor mange vi er som er med og kanskje får du noen ideer.

Og, en annen jeg anbefaler deg å gå innom, som også er med på frodith sin vår-challenge, er

NATHELESS.

Så, tilbake til meg og dagens tema.
Her er mine skyggebilder:


Skygge er så mangt.
Man ser sin egen skygge.
Man går i skyggen av noen andre.
Det skygger for solen.
Det er kaldt i skyggen, der sola ikke når til.


mettekvalsvik

 

 

#vår-challenge #skygge #fotografering #blogg #bilder #fantasi #lek #glede #littavhvert #dagen #minedikt #dikt

 


 

liv

Vår-challenge
fra Frodith.

Dag 2 og det står LIV på challengen.

Jeg fant en liten knopp ute på tur i går, og jeg har et dikt med bilde fra et år før, som omhandler liv og vår, så da tenkte jeg bruke det.

Så her kommer dagens løsning fra meg.
Dette har vært i lokalavisa vår, Vestlandsnytt for en tid tilbake.

Nytt liv <3

 

 

mettekvalsvik


 

#frodith #vår-challenge # challenge #liv #dagen #minedikt

stein

 

 

 

Barneår

Du hoppar frå stein til stein.
Minner kjem fram frå barneår.
Då alt var større, og du hoppa frå stein til stein.

Mange hinder å kome over.
Mange utfordringar å hanskast med.
Men, på ein anna måte.

Dei vart tatt på nesten strak arm.
Alt var så lett og morosamt.
Å hoppe frå stein til stein, og møte dei utfordringar som måtte kome, med lett sinn.

Gleda av å boltre seg i naturen heile dagen.
Du hoppar frå stein til stein og tenkjer tilbake.
Her har du vore så mange gongar før.

Bada, leika og ingen sorger.
Det er så godt å hoppe frå stein til stein.
Berre la tankane flyge slik.

Tenkje tilbake på gode barneår.
Du er no vaksen.
Men du kan fortsatt hoppe frå stein til stein.

 

mettekvalsvik
(27.07.16)

 

 

 

#minedikt #dikt #blogg #barneår #tankane #bilder

fred

 

 

MIDT I LIVET

Det er godt å kjenne på tryggheit og fred.
Det værste jaget har stilna.
Du har fred med deg sjølv.
Slik er det å være midt i livet, tenkjer du.

Du er glad og fornøgd.
Har di gode helse, og, eller om du hanglar litt, ja så har du det trygt allikevel.
Dine rettigheter har du, ja systemet det går rundt.

Du er midt i livet og resten ligg der framme.
Du har det så trygt og godt som nokon kan ha det.
Du er midt i livet og alt ligger framom deg.

Gå med stødige skritt, framover i livet.
Minutt, timar, dagar, veker og år.
Om du vaklar litt, så hald din kurs.

Framover og inn i framtida.
Minutt for minutt.
Du er midt i livet og har resten framom deg.

 

mk 
(17.07.16)



#midtilivet #minedikt #dikt #framover #fotografering

energi

 

 

 

KVIFOR IKKJE

Det pøsar ned.
Eller rettare sagt, det pøsar ned, på tvers.
Eg prøvar å seie at hagar, blomster og trær blir glade – og det blir dei.

Om eg er glad?
Ja, kvifor ikkje.
Det hjelper så lite å bruke energi på det negative.

Så, kvifor ikkje være glad når det regnar?
Vi er heldige som i det heile tatt FÅR regn.
Heller regn enn tørke.

Og dei flotte dagane har vi innimellom allikevel.
Berre ta på regntøy og gå ut!
Kvifor ikkje?

 

mettekvalsvik
(16.07.16)

 

 

 

#minedikt #blogg #regntøy #dikt #dagane


 

tårene

 

 

 

DRAUM

Når du våkner og kjenner tårene renn nedover kinnet.
Du såg din aller kjæraste, skadd og mishandla.
Og du visste du stod for tur.

Du våkner i rein fortvilelse, og hjelpelausheita tek deg.
Ser blodet som renn nedetter andletet til din venn.
Du vil kjempe i mot, men blir overmanna og du stilnar av.

Tårene dine siler nedover kinna. 
Du ristar på hodet og føler deg elendig.
Tørkar tårer av kinnet og tenkjer;
det var så verkeleg.
Men heldigvis berre ein draum.

 

 

mettekvalsvik
(16.07.16)

 

 

#minedikt #onsdag #tårer #draum #dikt #blogg

 

påtvunget


 

 

 

GULL VERDT

Å VÆRE DER FOR NOKON.
STILLE OPP NÅR BEHOVET FOR DET, KOMMER.
DET ER GULL VERDT MED SLIKE VENNER.

Å VÆRE DER UANSETT.
VENNSKAP ER GULL VERDT OG MEIRE TIL.
DET Å SJÅ UTAN Å SPØR.

FÅ FRAM LATTER UTAN Å VÆRE PÅTVUNGET.
DET ER SLIKE VENNSKAP SOM ER SJELDNE OG UNIKE.
DE ER GULL VERDT OG MEIRE TIL.
TAKK!

 

 

mettekvalsvik
(13.07.16)

 

 

 

 

#gullverdt #minedikt #søndag #dikt #februar #unik #vennskap #personlig

verdifullt

 

 

 

 

KOR LANGT?

Kor langt er livet?
Veit DU det?
Nei, ingen veit, men vi tek det som ei sjølvfølge, 
livet,
i det daglige.

Kor lenge får vi være her på jorda?
Det er godt å IKKJE vite, tenkjer eg.
Kor langt fram vi når, veit vi ikkje.

Dagen er verdifull.
Livet er verdifullt.
Så nyt det mens du kan.
For, kor langt, ja det er uvisst.

 

 

mettekvalsvik
(03.07.16)

 

 

 

#minedikt #torsdag #korlangt #dikt #livet #verdifullt #bilde #fotografering #minebilder

du

 

 

 

FORDI EIN DAG KAN DU IKKJE

 

 

Kvifor har du slik dårleg tid?
Kvifor spring du frå det eine til det andre?
Har du ikkje roa på deg?
Ein heim å styre?

Jau, klart det!
Men ein må nytte tida på best muleg måte.
Ikkje site og toe hendene i vente på at noko artig skal skje.
Ein må ut og møte livet.

Tida og livet er her og no.
Ein må fylle tida og livet med mest muleg.
Oppleve dei høge toppar og dei djupe dalar.
Bruke tida og livet kvar ein dag.

For ein veit aldri.
Ein dag KAN du ikkje.
Livet og tida er så verdifull, og på same tid så skjørt.
Tida og livet, og ein dag kan du ikkje.

 

 

mettekvalsvik
(25.06.16)

 

 

#livet #tida #du #eindag #minedikt #blogg #morsdag #søndag #natur #fotografering #bilder #dikt #hobby