Mor

 

 

 

 

LIVETS SEGL

NÄr tankane fÄr vingar og flyger avstad.
Bakover i tida dÄ borna var smÄ.
Det var aldri i mine tankar at eg enslig mor skulle verte.
Men det blei no liksom slik, og ingen ny mann passa inn.

Det er knalltÞft Ä vÊre mor, og tÞffe Är har gÄtt forbi.
Det var nok stunder mine tankar var innom det; at Ä vÊre mor nok ikkje passa meg.
Men, eg har kjempa mine kampar, og dei smÄ har vokst seg til.
Eg har bÞtt pÄ livets segl nÄr riftene vart for store.

Livets segl har stĂžrre og mindre hull.
Rifter pÄ kryss og tvers, men dei er alle bÞtt saman.
Stormen har roa seg og seglet er rolig.
Tenk, mine guta er  no vaksne kara.

Dei er mine stoltheiter.
Dei er mine hjerte.
Og uansett kampa, sÄ betyr dei alt.
Kven har sagt at det Ä fÄ barn, er enkelt?
Men, det Ä stÄ aleine, er IKKJE enkelt.

Å bĂ„de vĂŠre mor og far til to gutar, skal noko til.
Men eg har gjort mitt beste for at dei skulle fÄ ein god oppdragelse.
Heldigvis sat eg med grunnutdanninga innan oppdragelse.
Ja, for den fekk eg av MINE foreldre.
Og mine foreldre vart forbilde bÄde for meg og mine guta.

NÄr eg tenkjer tilbake, sÄ er det nok ikkje alt eg er like stolt over.
Mitt sinne og frustrasjon gjekk av og til utover dei to smÄ.
Men, det var da, og seglet flagra bÄde hit og dit i full storm.
Det roa seg alltid.

Dei smÄ er mine store stoltheite.
For kvar ein dag sÄ svulmar mitt hjerte for desse to som har kommet til verda.
Eg er sÄ stolt og mitt hjerte svulmar.
Det forteller meg at eg har klart det.

Dei smÄ har vorte vaksne.
Ein ny generasjon er komen til.
Min oppdragelse har eg fÞrt vidare med erfaringar pÄ vegen.
Mitt morshjerte svulmar; eg er sÄ stolt.

 

mettekvalsvik

(27.10.16)

 

 

 

#livetssegl #minedikt #fotografering #bilde #dikt #stolt #blogg

 

menneske

 

 

SÅ RART
SĂ„ rart, Ă„ vĂŠre menneske.
Ja, det er rart, pÄ en mÄte, Ä vÊre til.
SÄ rart Ä vÊre nyfÞdt, pÄ denne jord, og enda ikke huske en ting.

SĂ„ rart det er, Ă„ vokse opp.
Ja, alt som lĂŠres og alt som gjĂžres.
SÄ rart, Ä vÊre menneske, blant millioner pÄ denne jord.

SÄ rart, Ä bli verte vaksen, med alt det ansvar en da fÄr.
SĂ„ rart det er Ă„ vĂŠre menneske.
Men, det er det vi vet noe om.

mettekvalsvik
(25.10.16)

 

 

#minedikt #sÄrart #blogg #menneske #ansvar #dikt

 

vakre hausten

 

 

 

HAUSTEN

 

Du mĂžter meg med eit hav av fargar.
Det eksploderer rundt meg.
Eg klarer nesten ikkje sleppe augene fra deg,
du vakre hausten.

Du stÄr der sÄ vakkert og byd pÄ deg sjÞlv.
Fra dei djupaste varme til dei lysaste kalde.
Du takker for deg pÄ denne vakre mÄten.
Gir oss eit teikn pÄ at vinteren er nÊr.

Du vakraste Ärstid sprer varme og glede.
Du spegler deg sÄ vakkert i fjellvatn og sjÞ.
Gir oss glede og hÄp med vakreste fargekart.
Takker for deg og brer eit teppe over jorda.

Eit beskyttande lag som vĂŠrner mot kulden.
Og nÄr hausten stÄr naken, og lÞvet har fallt, 
er det like rundt hjĂžrnet.
For under teppet av lÞv, der spirer det pÄ nytt

 

mettekvalsvik
(19.10.16)

 

 

 

#minedikt #blogg #hausten #fotografering #dikt #spirer


 

skritt for skritt

 

 

 

TOPPEN

Du ser oppover, mot noko langt i det fjerne.
Dit skal du.
MÄlet ligger der.

Det er tungt Ä gÄ.
Kroppen protesterer litt.
Men det er alltid litt slik, fÞr du gÄr deg varm.

Kroppen er vond, men du gÄr den til.
Skritt for skritt.
Og du nÊrmer deg mÄlet.

Det berre Äpner seg framfor deg.
Dit skal du.
Til toppen.

Og nÄr du endeleg er oppe, og skuer utover.
Det er ubeskrivelig og tek nesten pusten fra deg.
Du har klart det.

Kvar ei smerte er verd dette fantastiske.
Å nĂ„ mĂ„let.
MestringsfĂžlelsen og stoltheita.

Det svulmar over i kroppen, av glede.
Dette er sÄ verd alt slitet.
TÄrer i augene og klump i halsen.
Du klarte det.

 

mettekvalsvik

(august 2016)

 

 

 

#minedikt #blogg #mestring #slogen #dikt #skritt

klikk

 

 

 

PÅLOGGING

Klikk.
​Eg loggar meg pĂ„.
Det er tidlig morgon, og natta har vore vindfull.
Eg loggar meg pÄ mobilen, for Ä innta verden.

SÄ slÄr det meg brÄtt;
eg loggar meg verkeleg pÄ verden.
Ikkje fÞr er eg pÄlogga, sÄ piper det inn meldingar og beskjedar.
Og nyheiter verden over.

Eg lurar pÄ kva dei hadde tenkt, mine forfedre, om dei brÄtt stod her og sÄg denne dingsen i handa.
Dette lisje apparatet som konnekter med verden.
Som vi fotograferar, betalar rekningar, snakkar i og har musikk i.

Kva hadde dei vel forstÄtt av denne nymotens teknologi?
Ingenting.
Eg trur dei hadde blitt fÊlne og rygga ut fortast muleg.
Djevelskap hadde dei nok sagt om det.

Eg er oppvaksen med at slik og slik kunne det bli.
Og slik har det blitt, og berre enda meir enn forventa.
Eg loggar meg av og pÄ alt etter kva eg vil ta inn.

Eg har enda til ei klokke som fortel om dagens aktivitetsnivÄ og forbrenning.
Om det blir for mykje, ja dÄ berre loggar eg av og gÄr ut.
Klarar du Ä logge av og gÄ ut?
Klikk.

 

mettekvalsvik
(31.08.16)

 

 

 

 

 

#minedikt #blogg #loggepÄ #dikt #dataverden

huggorm

 

 

LÆRDOM

Du kan hÞyre latteren og hyla frÄ longt bak i tid.
Den dagen vi var og plukka blÄbÊr.
Og brÄtt var der ein huggorm som Þydela idyllen.

Vi tok beina fatt nedover og nedover.
BlÄbÊra fauk til alle kantar.
Og vel nede igjen, andpusta og skrekkslagne, der vi hadde sprunge rett gjennom skogen, og ikkje grusvegen.

Foreldre og besteforeldre rista pÄ haude og uffa og akka.
Den huggormen kan rulle, og kanskje den nett rulla rett forbi.
For det er slik at det luraste er nok Ä gÄ mote bakken, dÄ huggormen ikkje er like rask den vegen.

Ja, dette var lÊrdom Ä ta til seg for oss smÄ.
Aldri om blÄbÊrplukking vart artig igjen, iallefall ikkje for min del.
Om det no var huggorm handa til bror min traff pÄ den dagen?
 

mettekvalsvik
(29.07.16)

 

 

 

#dikt #minedikt #blogg #blÄbÊr #plukkebÊr #tirsdag 

skygge

VÅR-CHALLENGE
DAG 3

Tema i dag er skygge.

Ideen for vÄr-challenge, ja den kommer fra denne damen:


FRODTIH


SÄ gÄ innom henne og se hvor mange vi er som er med og kanskje fÄr du noen ideer.

Og, en annen jeg anbefaler deg Ä gÄ innom, som ogsÄ er med pÄ frodith sin vÄr-challenge, er

NATHELESS.

SĂ„, tilbake til meg og dagens tema.
Her er mine skyggebilder:


Skygge er sÄ mangt.
Man ser sin egen skygge.
Man gÄr i skyggen av noen andre.
Det skygger for solen.
Det er kaldt i skyggen, der sola ikke nÄr til.


mettekvalsvik

 

 

#vÄr-challenge #skygge #fotografering #blogg #bilder #fantasi #lek #glede #littavhvert #dagen #minedikt #dikt

 


 

liv

VÄr-challenge
fra Frodith.

Dag 2 og det stÄr LIV pÄ challengen.

Jeg fant en liten knopp ute pÄ tur i gÄr, og jeg har et dikt med bilde fra et Är fÞr, som omhandler liv og vÄr, sÄ da tenkte jeg bruke det.

SĂ„ her kommer dagens lĂžsning fra meg.
Dette har vÊrt i lokalavisa vÄr, Vestlandsnytt for en tid tilbake.

Nytt liv <3

 

 

mettekvalsvik


 

#frodith #vÄr-challenge # challenge #liv #dagen #minedikt

stein

 

 

 

BarneÄr

Du hoppar frÄ stein til stein.
Minner kjem fram frÄ barneÄr.
DÄ alt var stÞrre, og du hoppa frÄ stein til stein.

Mange hinder Ă„ kome over.
Mange utfordringar Ă„ hanskast med.
Men, pÄ ein anna mÄte.

Dei vart tatt pÄ nesten strak arm.
Alt var sÄ lett og morosamt.
Å hoppe frĂ„ stein til stein, og mĂžte dei utfordringar som mĂ„tte kome, med lett sinn.

Gleda av Ă„ boltre seg i naturen heile dagen.
Du hoppar frÄ stein til stein og tenkjer tilbake.
Her har du vore sÄ mange gongar fÞr.

Bada, leika og ingen sorger.
Det er sÄ godt Ä hoppe frÄ stein til stein.
Berre la tankane flyge slik.

Tenkje tilbake pÄ gode barneÄr.
Du er no vaksen.
Men du kan fortsatt hoppe frÄ stein til stein.

 

mettekvalsvik
(27.07.16)

 

 

 

#minedikt #dikt #blogg #barneÄr #tankane #bilder

fred

 

 

MIDT I LIVET

Det er godt Ä kjenne pÄ tryggheit og fred.
Det vĂŠrste jaget har stilna.
Du har fred med deg sjĂžlv.
Slik er det Ă„ vĂŠre midt i livet, tenkjer du.

Du er glad og fornĂžgd.
Har di gode helse, og, eller om du hanglar litt, ja sÄ har du det trygt allikevel.
Dine rettigheter har du, ja systemet det gÄr rundt.

Du er midt i livet og resten ligg der framme.
Du har det sÄ trygt og godt som nokon kan ha det.
Du er midt i livet og alt ligger framom deg.

GĂ„ med stĂždige skritt, framover i livet.
Minutt, timar, dagar, veker og Är.
Om du vaklar litt, sÄ hald din kurs.

Framover og inn i framtida.
Minutt for minutt.
Du er midt i livet og har resten framom deg.

 

mk 
(17.07.16)



#midtilivet #minedikt #dikt #framover #fotografering