der glapp det

 

kva skulle vorte til ei god historie
kva skulle du då leita fram
ja, noko som ikkje er så trist alltid altså
kanskje noko dramatikk
nei, det må bli noko artig
hmmmm tenkje tenkje
kvifor kjem du ikkje på noko artig,
like så lynraskt som ein knipsar med fingeren
eller like rask som Lucky Luke er på avtrekkjaren

kvar tek dei det frå,
dei som berre øser ut alle historiar og vitsar, med eit knips
ah no har du det
her skal du høyre
det var ein gong…
og der glapp det allereide i fyrste spennings-augneblinken
nei, lat andre ta seg av den moroheita

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
4. mai 2024

 

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdikotmdagen

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg