detaljar..

 

Eg hugsar detaljar..
Og  ikkje alle hugsar det same.. det går vel ikkje heller
Men eg hugsar hodeplagg eg hadde:
ein raud trekant som flagra i vinden, med fint kantebånd, og knytt under haka.
Capsen/Sikspens eg gjekk i 17. mai tog med, då det var populært med Sikspens – den var rød
Diadèm som gnagde bak øyrene…
Og den pusehua i bildet over..
Mamma hadde fargerike handlenett!
Eg hugsar fargen på ei jakke eg var stolt av eller ei bukse eg ynskte meg
Hugsar kattane vi har hatt sidan eg var veldig liten, og gleda når kattungane låg i kasse i kjellaren…

 

Eg hugsar mykje frå barneår, med badering og badedrakter og bikiniar
og alle leirane på Kjeldsund eg var heldig å være med på.
Dukkevogna og dukkene, dukkehuset og all utetida.
Vi klatra over alt, også der vi IKKJE hadde lov, f.eks. i nausta og lødene.
Vi øvde oss på sterke banneord og vi prøvde oss på sigarettar..
Eg hugsar…
eg hugsar mykje negativt også.
Som er sårt og set seg i magen…
Det eg ser, er at eg hugsar meir og meir frå barneår…
Er det det som er å verte vaksen og passert ein viss alder…
At minna verte sterkare?

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

#etdiktomdagen #eghugsar #minne #tankerblirtilord #minedikt

10 kommentarer

Siste innlegg