er diamantar ei dame sin beste venn
om du får diamantar, då blir du lykkelig
dei glitrar så vakkert og legger seg så elegant rundt nakken
eller henger så fint i øyre
eller klirrar svakt rundt handleddet
diamantar
kva skal du med det
er det det som er viktig
vise fram
dei kan vel like godt være falske
kven veit
uansett kva du har hengande rundt nakke, handledd, øyrepynt eller kva
er det dèt som gjer deg lykkelig
for alt her i verda, så er det diamantar som gjer susen
nei takk
eller ja takk
det er ikkje viktig, tenkjer du
det viktige er ikkje det materielle
det viktige er ikkje alle gaver i verden
du kan ikkje bli kjøpt
eller kan du det
du er solgt på minuttet av eit par diamantar
penger bestemmer?
då er lykka komplett?
velstand
rikdom
ja takk til alt
det er klart – du vil ikkje stå på bar bakke
men tryggleik, kva med det
du vel tryggleik og kjærleik fram for alt anna
ikkje ein diamant kan erstatte det
eller….
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
19. januar 2026
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt



Så fine bilder! Diamanter og eventyr ja. Klemsiklem:)
Tusen takk gode du 😊