dørstokkmila

 

 

Du trenger ikkje å slutte med noko,
for å byrje med noko nytt.
Det er berre å sjå muligheitene,
tørre å prøve,
satse på nye muligheiter,
i lag med nokon,
eller åleine.
Du kan feile eller meistre,
men du lærer langs med.
Det er det å satse,
tørre å gi slepp
Ta sats på dørstokkmila,
hoppe over,
eller ta det store steget over dørstokken.
Du treng ikkje slutte med noko,
men satse i lag med nokon,
eller åleine.
Om du ikkje vinner fyrste gongen,
så vinner du allikevel til slutt
Det er det å ha trua på seg sjølv
Det er dèt å ikkje gi opp,
tørre å gi slepp,
sette noko på pause,
for å lære noko anna, noko nytt?
Stirr dørstokken i senk og ta sats!
Saman eller åleine –
både du og eg klarar det.
Vi klarar det i lag!

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
25. oktober 2020

 

Lettare korrigering av diktet – til det betre eller til det værre… sånn blei det i 2026

 


#repostminedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #minedikt

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg