draumar…

 

Eg drømte at eg hadde fått ein ny katt
Ein liten og kvit vakker kattunge
Og eg tenkte; eg som ikkje skulle ha fleire kattar…
Kva kjem dei til å seie, folket?
Vakraste kvite kattungen med blåaste auge og eg fall pladask…

Så var eg brått på glattisen med sykkel, og eg som skulle sykle langt,
kom ikkje lenger, fordi det var såpeglatt og mykje snø, måtte snu..
Og eg fant ikkje vegen ut av hotellet – det var hindringar over alt.
Kva seier draumane?
Kattar skal eg uansett ikkje ha fleire av,
sjølv om eg i nattens mulm og mørke hadde fått ein ny.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#tankerblirtilord #dikt #kattar #kattunge #draumar #minedikt #etdiktomdagen #kvaseierdraumane

8 kommentarer

Siste innlegg