draumar og ein-meteren…

 

 

Veit ikkje om det er høgtid…
Men eit barn vil ha karbonadekake på skive…
Og i det eg og mor holder pĂĄ ĂĄ forberede maten, heime i barndomsheimen min,
strøymar det på med folk.
Ukjent slekt visstnok.
Eg handhelsar pĂĄ alle,
og EI ser kjent ut og eg seier; DEG har eg sett før,
og ho vil ikkje ha det til at eg har sett ho før.
Det blir ei litt rar og trykkja stemning, mens ungane får karbonadesmørbrød.
Og dei andre fĂĄr kaker og kaffe.
Småsnakk om slekt, toalettbesøk….
Så byrjar ein etter ein å røyse seg og seier dei må kome seg vidare.

SĂĄ sit eg pĂĄ eit tog.
Veit eg skal gå gjennom ein skog for å kome meg heim, men dama foran og dama bak meg skal gå same vegen, så vi avtalar å slå følge.
Eg seier eg er glad for det dĂĄ eg er usikker pĂĄ kvar vegen gĂĄr og at det er skummelt.

SĂĄ stĂĄr eg pĂĄ perrongen brĂĄtt.
Og oppdagar at eg IKKJE har billett vidare.
Kvifor eg stĂĄr pĂĄ perrongen brĂĄtt, veit eg ikkje.
Ser igjennom veska, prøvar å springe etter toget, men det er gått.
I veska er ingenting.
Ser fleire tog-betjeningar, men ingen har tid.
SĂĄ fĂĄr eg huka ei dame i uniform og forklarar situasjonen.
Kikar gjennom veska igjen og ser mobilen.
MĂĄ ringe og seie eg mĂĄ bli hente, for heldigvis har han bil heime.
Dama i uniform ber meg kome i luka, og der forklarar eg situasjonen.
Eg er stressa.
Det er allereide kø der, og uniformdama seier at EG må få sleppe fram til luka.
Dei blir irriterte rundt meg og bak meg, og køa blir større.

Dei pressar pĂĄ.
SĂĄ eksploderar eg.

KVAR ER EINMETEREN for kvar enkelt av dokke???!!!

Bruk haude, seier eg.
Du  har lært du skal holde avstand eller?
Folk trekkjer pĂĄ skuldrane, ristar pĂĄ haude og pressar pĂĄ.
Ein meter?
Drit i det…
Eg skal fram, seier dei…

Og kor dette gjekk veit eg ikkje, for meir hugsar eg ikkje.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#draum #einmeter #hugsarikkje #eindrauminatta

8 kommentarer

Siste innlegg