en to tre inn…

 

 

å puste i motbakke
det er ikkje enkelt
men det går
litt etter litt
sjølv om pusten er tung og det er trangt om plassen
gi det tid
gå sakte
då slepp du hive etter pusten etter kvart

ikkje unngå motbakken fordi du veit det blir tungt
gå den sakte
eit skritt om gongen
ikkje så fort at du kollapsar
sjølv om det er det du vil
kome opp den motbakken fortare enn svint

vi vil det – fort opp
det er berre det at nedturen kan bli så lang
lengre enn planlagt
pust i motbakken – finn di rytme
en to tre inn
en to tre ut
pust i takt
du klarar det

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
september 2023

 

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

8 kommentarer

Siste innlegg