energiar…

 

Mykje  energi inn og ut
Følelsesmessig berg og dalbane
Følelsen av energiar flyter

Minner kjem rekande pga ein gjenstand
Eit varsel om sakn og “kom og sjå til oss”

Vener møtast og har den gode samtalen om det som finst mellom himmel og jord
Det ein trur på
Trua til det alternative
Eiga tru
Ståstad i livet
Sorg og glede – fortvilelse og forståelse

Alt mellom himmel og jord er åpent for deling
Tankar og refleksjonar
Kva trur du?
Tenkjer du slik?

Også delar ein av livet
Og ein følar seg trygg i seg sjølv
Det viktigaste – å være trygg

💚💛💚

Dagen i dag har vore innhaldsrik med telefonsamtalar og fysisk kontakt
Å besøke ein gravstad som ein ikkje har vore til på ei stund
Det var der “kom og sjå til oss” som eg skreiv lenger oppe, kom inn i bildet

Eg hadde problemer med å gi frå meg ein gjenstand til bruktbutikken – og på grava til bestefar fant eg denne lisje blåe blomen- og då var valget klart….
Same blomen i kanna – i allefall tilnærma lik 😄 og kanna blir hos meg 😍

 

 

Gjerdsvika
Mitt barndomsparadis
Og når eg kjem på det lange strekket og ser huset i det fjerne – då veks klumpen og tårene kjem
Men av godheit og sakn
Eg har vore så kjent der i huset og no bur der nokon andre
Det var bestemor og bestefar sitt hus

Og brått saknar eg så mykje
Pappa
Bestefar i Gjerdsvika
Trappa ned til kjellaren og toalettet der ein trakk i ei snor som hang frå taket (eller frå veggen)
Soveroma og dei gode sengane og dynene og alt det spanande som var på loftet over Svanhild.

Og trappa heime – der vi aka oss på “ræva” det fortaste vi kunne – og det gjorde ikkje låkt ein gong… sikkert….
Uforandra – mala og fin for lenge sidan – trappa

Minner!
Sakn!
Og takknemligheit for at vi har det som vi har det,
og var der vi var ein gong

Så er det to sommarfuglar på nabograva når eg lukar bort litt ugras frå bestemor si grav
Og ei som passerar, seier det betyr nytt liv 🦋
Så fint
Nytt liv

Fine dagen 🐕🚶‍♀️🦋🚶‍♀️

8 kommentarer
    1. Så fine og koselige minner ❤️ Det er både glede og vemod ved slike minner. Leser hos deg mye av de samme minnene jeg har. Gode minner 🥰
      Nydelige bilder av sommerfugler også 😀

    2. Hmmm – mange minner – store savn…. innimellom blir man overmannet av sorg og tårer! Det er godt du har gode minner – mange minner! Ta vare på dem – og ja, kanna måtte du beholde! Forglemmegei! <3 klemmer

    3. Det er både trist og godt å besøke gravgården og stelle og minnes de som ligger der.
      Gode minner som kommer når man er der og tenker tilbake.🤗
      Godt at du fikk tegnet med blomsten. Jeg ville også beholdt den.🥰
      Ha en fin kveld!🤗

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg