er det ikkje rart

 

Er det ikkje rart korleis tonkane kan herje
Dei smyg seg innpå
Bakholdsangrep i siste sekund
Og då er du fanga
Tonkane riv og slit
Du klarar ikkje holde stand
Angrep frå alle kantar
Tonkane fyk som hvirvelvindar
Hit og dit, fram og tilbake, ut og inn
Som ein orkan
Så stilnar det
Tonkane har satt seg godt til rette
Funne sine plassar og plassert seg
Akkurat der du ikkje vil ha dei
I det negative hjørnet
Sit som klister
Berre ein ting å gjere då
Rydde!
Leite opp alt det positive
Erstatte hjørnet med spreke godsaker
Jage det negative ut av klisteret
Kva skulle du gjort utan det positive
Er det ikkje rart – kor godt det er når det brått snur
Dei glade tonkane som strålar og skin om kapp
Du slepp rydde DEI vekk
Dei klistrar seg ikkje, sjølv om du skulle ønske akkurat det
Dei flyt rundt og lagar god stemning
Ah herlig – du kjenner lykka bre seg
Ryddesjauen er unnagjort
Det negative er plassert
Orkanen brusar ikkje med fjøra lengre
Du har lært deg å rydde

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
4. juni 2024

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

3 kommentarer

    1. Bra med litt rydding 🙂 Man skulle kaste de negative ned i en låsbar skuff, og kaste nøkkelen. Så kunne de ligge der og ha det så godt 😀

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg