fargane

 

når du kjenner deg litt nede
ser deg sjølv i spegelen og tenkjer ditt
tenk då positivt
ja enkelt å seie det
enkelt å tenkje
men ikkje enkelt å utføre
ikkje i det heile tatt
når du ser deg i spegelen
det er difor du ikkje skal sjå deg i spegelen meir, akkurat då
snu deg og gå ut
det letnar med ein gong, ikkje sant
vekk frå spegelen, og ut døra
heilt ut
ut i naturen
ut ut ut
der kjenner du at det ikkje er så verst allikevel
herlig
alt er gløymt for ei lita stund
fargane gledar inn i dagen
så ser du litt meir fargar når du igjen møtar på spegelen
kanskje
om det verkeleg er fargar ute
eller om alt er regna vekk
dystert
tungt
og du kjenner deg litt nede igjen
mykje på grunn av den spegelen
tenk positivt
det sluttar nok snart å regne skal du sjå

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
3. juli 2024

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

4 kommentarer

Siste innlegg