favorittida

 

 

Favorittida av heile året
Fargane eksploderar
Varmen sig nedover nåkre hakk, stabiliserar seg på meir kulde
Blada fell, eit og eit, høgt fra oven, og ned på bakken
Trea står der nakne og ventar på nye skudd
Men så klart, det er ikkje alle som mistar drakta si
Nåkre står bladfulle året rundt
Grønare enn nokon gong, denne årstida

Det som ser ut som forfallets årstid,
er rett og slett rikdom
Utviklinga som visnar hen, og lagar tepper på bakken
Dei lyser mot deg, haustens fargar
Sola skin mellom nakne trær, og blinkar gjennom spindel og visne blad
Favorittida av heile året
Fargane har eksplodert og falt til jorda

Det er stille ute no
Graden har sunket såpass at isen har lagt seg
Beskyttar den, isen, eller er den berre glatt og farlig
Favorittida smilar mot deg i all sin prakt
Fargebonanza ein isklar dag

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
20. september 2025

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

8 kommentarer

Siste innlegg