Ny måned, ny oppgave – fra bloggeren Kjerringtanker
Framsnakke – reklame – blogganbefaling
Det å framsnakke
Gi ros
Positive tilbakemeldinger
Du gjer noko bra
Sjå verdien i det nokon andre delar
Sjå verdien i det nokon andre står for
At nokon betyr noko
At nokon gjer deg glad
At nokon ser deg
At nokon støttar deg
At nokon visar veg, og nye vegar oppdagast
Framsnakke
Seie noko positivt
Det går ikkje å velge berre ein å framsnakke, gjer det vel?
Det er mange som kan anbefalast, her i bloggverda og utanfor
Alle dei faste lesarane, dei treng ei stjerne som tusen takk
Framsnakke, gi eit tips, anbefale nokon noko
Det er fint det
Framheve andre, muntlig eller skriftlig
Det er viktig
Vise at du ser, set pris på og er ærlig
Framsnakke på godt og vondt?
Mest på godt – det å glede nokon – gjer at du gledast sjølv
Eg vil i dag framsnakke ein bloggar som ikkje bur så langt ifrå meg
Fyrste gongen vi treftes, var på tur i fjellet på Runde
Dette er ei driftig dame, som har stor lidenskap for grønsaker og sopp – sjølvdyrka og sjølvplukka
Grønsakshage og drivhus
Strikkeglad er ho også – og tryllar fram dei vakraste plagg for store og små
Eg var heldig å få eit panneband frå denne dama – kontstrikka lilla – og eg har det enno!
Dama det er snakk om – har ei blanding i dialekta si som er så herlig å høyre på
Det er vakkert med steile fjell og vakker fjord, der ho bur, i lag med sin mann –
på ein gård som ikkje lenger er i drift som den ein gong var
Ein kan kome seg dit med bil og med båt
Og turane der er fantastiske – til fots – høgt og lavt
Dama er glad i å være ute – enten på tur åleine, saman med mannen, naboar eller barn og barnebarn
Brenne bål i godt lag, og grille noko spanande på bålet
Dama det er snakk om, er Connie –
som har bloggen
FRUENSVILJE
Ho lagar mykje spanande med grønsaker og sopp
Og ikkje berre det, men med frukttrær som bærer frukt, trylles det både sylte og anna
Om du ikkje har vore innom denne bloggen før, anbefalar eg deg å ta turen innom







tusen takk gode du ,dette var rørende å lese :=) og jeg er enig det er så mange fantastisk flotte mennesker her inne og alle som en trenger en stjerne for dei er så flotte ,iallefall alle jeg følger :=)
Veldig kjekt å kunne framsnakke deg, Connie – for du er ei flott dame eg er heldig å ha vorte kjent med via bloggen 🙂
Veldig koselig. En verdig kandidat for framsnakking🤗
Tusen takk!
Flott innlegg. Fruen vilje er en blogg det er kjekt å lese. Driftig dame med mange prosjekt i hagen. Det er de innleggene jeg finner mest inspirerende.
Tusen takk!
Fint skrevet om å fremsnakke, og Fruensvilje fortjener god omtale! 🥰
Ja det er en fin blogg og ei flott dame 🙂
Så koselig med framsnakking 🙂 Connie er ei flott dame og har en variert blogg 🙂 Også koselig å treffe henne LIVE 🙂
Tusen takk! Ja hun er en flott dame.