Lykka
skvulpar der ute men rekk den ikkje heilt
Lykka
renn avgårde i elva over vegen
Lykka
kjem så fort og blir aldri lenge
Lykka,
alle forventningane du ikkje klarar nå opp til
Lykka,
klarar ikkje finne den
Det skvulpar over i elva
over vegen
og lykka kjem så fort at eg ikkje klarar ta fatt i den
Forventningane er for store
Kvar er lykka og kvifor kan den ikkje berre stå stille
Vil ha den
Vil ha lykka
Men når ikkje fram
Er lykka gratis
eller må den betalast for
Eg kjøper den gjerne og betalar kva det skulle være
Forstår vi ikkje kva lykke er
Er det noko som vokser – og eg kan plante den
Då kjøper eg frøet og plantar den;
lykka
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen
3 kommentarer
herlig og nei lykka kan vi ikke kjøpe ,den må vi skape men et frø kan vi plante ,det er lykke det
Det er lykke
<3<3<3