gangdøra.. ballade

 

 

Dei syng om naturen, om ĂŚra og plikta
og kjĂŚrleiken gong etter gong.
Men aldri sĂĽ har vel eit menneske dikta
om gangdøra heime ein song.
Men det veit eg visst at om ho kunne tale,
så kom det for dagen båd’ rettvist og gale.
Trala la la la la la la la.

 

Eg veit nok at ho kunne hendingar finne
frĂĽ mang ei forunderleg natt.
Om han som gjekk heimatt i rasande sinne
og ikkje kom oftare att.
Om han som du bad mĂĽtte aldri gĂĽ frĂĽ deg,
og han som du sprang frĂĽ og ikkje let nĂĽ deg.
Trala la la la la la la la.

 

Det kunne vel hende at døra laut flire,
men aldri i klinka det knatt.
Om klokka vart to eller tre eller fire
før de sa kvarandre god natt.
Nei, aldri du høyrde eit vondord ho seie,
ho tagde som berre ei gangdør kan teie.
Trala la la la la la la la.

 

Ho süg nür det blenkte ei ørlita türe,
nĂĽr smila i andleta taut.
Ho høyrde vel ord som var beiske og süre,
og kanskje ein lovnad de braut.
Eg tenkjer ho sĂĽg nĂĽr de stod der pĂĽ troppa
og klemde kvarandre sĂĽ hjarto dei hoppa.
Trala la la la la la la la.

 

Ja, gangdøra veit om ein gut kjem der ofte,
og om han er sein eller snar.
Ho veit om kva tid han fĂĽr fylgje pĂĽ loftet,
og ser kva slags sokkar han har.
Men nĂĽr han fer utatt med skorne i neven,
dĂĽ gjer ho ein knirk for ĂĽ skrĂŚme den reven.
Trala la la la la la la la.

 

Ja, gangdøra heime ho er som eg seier,
den same mot helt eller skarv.
Og bra er det sanneleg og at ho teier
og ikkje fer kringom med slarv.
Men kanskje vi slutta ü døme vür neste
om gangdøra sa det ho veit om dei fleste.
Trala la la la la la la la.

Tekst: Marie Lovise Widnes
Melodi: Elis Olsson

 

 

#marielovisewidnes #gangdøra

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngü personangrep og sjikane og prøv ü holde en hyggelig tone selv om du skulle vÌre uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĽ nett.

Siste innlegg