den grøne kula
hang så fint bak tauverk
du såg det mellom sprekkane i naustet
grøne og gule kuler
glaskuler
og andre kuler
ein færing og årar
du snik deg inn
det går det, å snike seg inn
der ein veit det går, mellom to plankar i naust-veggen
hemmeleg
å halde kula mellom hendene
kjenne lukta av salt sjø
gamalt treverk
det knakar litt frå betane oppe mot taket
vinden susar og taukveilar vaiar
det vart monge stunder i naustet og nausta
våre gøymeplassar
ulovleg så klart
vi hadde ikkje noko der å gjere blant alt av fiskeredskapar og anna
men det var spenninga og at det var ulovleg, som trigga oss
hysj nokon kan høyre oss
ja, då nokon gjekk forbi på vegen, og ropte: er det nokon der?!
kom dokke ut!
oppe på betane
ulovleg så det held
klatre slik – for tenk om du falt ned
det var så mykje spanande
ramsalt og oppmorkna
men å site i færingen og late som du var på sjøen,
det var artig
med eit livbelte som hadde drege deg til botnen om du falt i sjøen
glaskula
det var den som var magneten
bak låste dører
å få fatt i ei slik
både hemmeleg og ulovleg
men den kom i hus, både ei og to
ei slik kule gav naseblod ein gong
ja det er slikt som kan skje under leik på loftet
kula ligg i ei skuff
den har vore med på livets reise
glasgrøn utan tauverket rundt
og den har si historie
frå dei gamle nausta og fiskegarna
no er dei ikkje meir
alle er restaurert
ikkje færingen ein gong
lenge sidan
vi er her fortsatt
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
19. juni 2024
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
Færing er i Nord-Norge og på Vestlandet navn på små, tradisjonelle robåter for to personer, brukt til transport og fiske, og er rundt fem meter lange. Noen færinger kunne også ha seil. Færingen kan være av de eldste robåtene i landet, og var i bruk godt før vikingtiden og fram til 1960-tallet.
kopiert fra nettet




Lett å tenke seg tilbake i tid og kjenne på noe som var for lenge siden – når man leser diktene dine! ❤️
Så artig 🙂 Tusen takk!
ååå – barndomsminner – vakkert <3
Ja vakkert 🙂
alt det barn finner på ,men du så mange fine minner vi har ,grønne glasskuler ja dei er fine og skjønner att dei frista et lite barn :=)
Ja dei var spennende!
Til og med en riktig innlandslandkrabbe som meg ser det vakre lysspillet i kula for meg. Det er nesten så jeg kjenner lukta av saltvann! Så flott skrevet!
Tusen takk for hyggelig tilbakemelding 😀 Ja det er artig med slike minner 🙂