Den første uka inn i desember er snart historie
Men enno er det litt att
Det er laurdag
Ei uke med skraping og null gevinst – men spenninga har vi 😀
Yngste guten fylte år i går – heile 31 år sidan han kom til væra på Ullevål sykehus, ein vakker og kald vinterdag
Saknar å skulle vore i Oslo og gitt han ein klem, men heldigvis kjem han heim til jul i år, saman med kjæresten sin, Sanna
Glede!
Ja, litt julehandel mellom vindkasta, får vi til – mamma og eg 😀
Morgenstunda blafra med fortidsminner og det er på godt og vondt det
Ingen kan sjå inn i kula og spå – det går ikkje det
Men mykje kan forebyggast og noko kan også kanskje forhindrast
Ja, tonkane turar på – og så må dei ristast bestemt vekk – for det er ikkje bra å falle inn i fortids tanker for lenge
Her og no er det som betyr noko
Stå deg vel inn i laurdagen og forbi
✨️💜✨️