hysj

 

Nokon lenger framme hysjar
Ja eg forstĂĄr kvifor
Det var mykje skravl i mitt omrĂĄde, bak meg
Og ho hysjar igjen
Eg tenkjer og veit, at det er i allefall ikkje meg
Det stĂĄr nokon der framme pĂĄ scena og informerar,
og  då er det uhøfleg å sitje slik å skravle, ikkje sant!
Det forstyrrar, og andre fĂĄr ikkje med seg, og det er dĂĄrleg gjort for den som stĂĄr pĂĄ scena

Eg holder fokus
SĂĄ snur dama seg igjen, hysjar, og setjer blikket i meg
Eg har dĂĄ ikkje gjort noko!
Det var ikkje eg, hadde eg lyst ĂĄ rope
Så sat eg der då, med skylda og den råtne følelsen
Sjølvsagt måtte det være eg som fekk blikket og den dårlege samvittigheita
Dei andre pĂĄ rada la ikkje merke til noko, berre at det var noko prat pĂĄ rada bak

Det er dette med ĂĄ fĂĄ med seg ting, ta innover seg ting, eller ikkje
Eg fĂĄr med meg ting, analyserar ting, og tek innover meg ting eg ikkje burde ta innover meg
SĂĄ dette med at andre ikkje hadde fokus gjekk rett og slett utover meg
EG var den som fekk skulda, følte eg, utan at den som hysjar meinte det på nokon måte
Det var ikkje sikkert at vedkomande såg på MEG ein gong, men eg følte det, og tok på meg skulda
Fekk dårleg følelse og samvet for noko eg ikkje hadde gjort
Det er SĂ… kjedelig!
Men slik er det

Akkurat denne dagen gjekk vi sigrande ut av salen til slutt
Vi vann – koret mitt og eg
Og den følelsen som sat i like før opptreden – og eg visste at nokon ute i salen hadde hysja – og satt augene i meg, kanskje kjente meg igjen der eg stod… slepte taket
Men slike augneblink kan setje ein heilt ut – og det gjorde den med meg ei lita stund
Følte meg liten
Utan at eg hadde gjort noko som helst

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
5. november 2023

 

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg