ideen

 

Ååååå
Ja seie ikkje meir
Ideen som kom for TO sekunder sidan
Sat akkurat der ute på tungespissen,
men forsvant i tåka, like fort
Eller eg svelgte den
Eg holdt på den heilt til eg skulle skrive den ned
Så var den borte
Var der noko i det heile tatt
Jau, det var der, og den var litt morosam, kjem eg på
Men KVA var det?

Kjenner du deg igjen?
Eg berre seier det; at det går an
Det er rett skummelt
Tanken var stor den sikkert,  men tida tok den like fort
Den ligg no der i tåkeheimen,
og kjem dalande igjen når det passar
Akkurat no vil den ikkje fram, kor mykje eg prøvar tvinge
Tenke tenke tenke
Nix
Heilt blankt
Tåkeheimen kallar!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
august 2023

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

8 kommentarer

Siste innlegg