jubilant

LOEN
HOTELL ALEXANDRA


~¨    ~¨    ~¨

 

80 ÅRS FEIRING
AV EI FLOTT OG SPREK TANTE


Tusen takk
tante Janfrid m/familie!

 

Lunsj 13.30 torsdag
Aperitiff 19.00
Middag 19.30
Frukost fredag morgen

 

Eg er så glad eg fekk være med å feire.

Møte familie ein ikkje har møtt før, og andre ein ikkje pratar med så ofte.

Viktig dette med å samlast å gjere noko – feire noko – i lag.

 

 

 

Nåkre av oss ville ta “LOEN SKYLIFT” opp til Hoven – 1010 moh.

 

Eg har vore der ein gong før,
men hverken moderen eller tante Flora og onkel Oddvar har vore der,
så då benytta vi oss av mulegheita denne dagen.
Strålande flott påskevèr!

Moderen grudde seg litt………..
Men du verden – det var da ingen ting å gru seg til, meinte ho i etterkant 🙂

#kusiner som venter på “skylift”
Vi har begge vore der før 🙂

OPPE!

 

Og vi er alle einige om at dette var fantastisk.


Eg klarar eigentleg ikkje stå ordentleg her………..
Høgderedd som eg er, fekk eg skjelven – og stod både kalvbeint og skjelven………
Mens andre stod meir henslengt og ikkje såg ut til å pregast av 1000 meter rett ned….


Det aula av paraglidere i alle slags fargar og fasongar.

 

Dei leika seg på 1000 meters høgde – modige og ute etter spenning.

 

Ja, vi er no ute etter spenning vi også……….
Men på ein annan måte 😀

#utsikt


Her måtte eg klippe vekk nederste delen då eg hadde ei veldig rar fot-stilling pga eg var redd.
Men smile klarar eg uansett!


#familie
og #mobilar

Så er det den obligatoriske
#hesteskoen

Det er så sinnsjukt vakkert her oppe – at det er vanskeleg å beskrive.
Det må opplevast!

 

 

 


Dette bildet diggar eg.
Eit herleg bilde av onkel Oddvar.


Marian og Oddveig

 

Når vi vel er nede på bakken igjen,
kjem Patrick susande innover,
med paraglideren i bagasjeromet.
Han skal ta heisa opp, og flyge.

 

Ja mor er ikkje overlykkeleg – men han er vaksen og bestemmer sjølv.

 


mormor Marian og barnebarnet Patrick

 

 

Vi dreg tilbake til hotellet og forberedar oss til kvelden.
Aperitiff og middag.
Vi gledar oss til å fortsette feiringa av tante Janfrid.

 


Søstrene sisters = jubilanten og moderen

 

 

Sindre og Janfrid pluss han som driv hotellet 🙂

 

Og dette bildet beskriver det meste 😀
Latter og glede!

 

 

 

 


Mmmmm

Og maten!

Krepsehalesuppe
Kalvefilet/medaljong
sjokoladesorbèt og mousse………..

Iallefall så var menyen berre lekker og smakte utmerket!
Og drikke – raud og kvit vin og sprudlande vin og alt som var – berre lekkert!

 

Og så var det dei som IKKJE likte hverken suppe eller kjøt som var medium stekt, og då var dei raske på labben og serverte den nydeligaste fisk.

Så er det dagen derpå………………

Utsikt mot #Skålatårnet i soloppgang.

 

Frukost og utsjekking.

Og maten på hotell Alexandra er berre av øverste klasse-merke rett og slett.

 

Og så nåkre siste bilder – no av alle tre søstrene Bjørklund.

 

 

Og etter å ha takka for oss –
for laget –
for eit herleg opphald –
ei kjekke feiring,
tok vi ein svingom innom

OLDEN

 


Og moderen konstaterte der og då; at det ikkje var nokon brèe lenger – Briksdalsbreen var forsvunne………. så det var ingen vits å gå oppover.

 

Men det kan eg seie; at den er der!

 

Berre minka i stor skala.

 

 


#yrineset

 

For eit vakkert land vi bor i!

 

Å VESTLAND
VESTLAND
NÅR EG SER DEG SLIK

MED FAGRE FJELL
OG FJORD
OG TRONGE VIK

 

 

 

I allefall kan vi seie det når veret berre er heilt lekkert – dag etter dag.

 

 

 

TUSEN TAKK FOR HERLEGE DAGA – ALLE DOKKE SOM VAR MED Å
FEIRA TANTE JANFRID!

 

 

Og tusen takk til tante Janfrid si familie som gjorde dette mulig.

 

 

 

 

 

 

#loenskylift #hoven #skylift #80årsfeiring #hotellalexandra #Loen #feiring #fotografering #tante #åvestlandvestland

2 kommentarer
    1. Så herlig 😀 Rene slektstreffet skjønner jeg 😀 Utrulig artig at alle var med på å bli fotografert 🙂 Gratulerer hjerteligst til Jubilantent, og ikke minst til deg som har foreviget dette på en så strålende måte 😀

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg