kall meg ikkje sterk

Kall meg ikkje sterk, sa ho,
eg står oppreist fordi eg må.
Kall meg ikkje tøff, sa ho,
eg har tårer du aldri får sjå.
Eg er på vent til natta kallar –
og dagen takkar for seg.
Då kan eg være liten –
berre då er eg eigentleg meg.

 

Kall meg ikkje hard, sa ho,
eg har skall over hjarte og sinn.
Kall meg ikkje kald, sa ho,
eg har varme bak mi grind.
Kan hende opnar eg porten –
om eg berre får tid og ro.
Då kan eg vere liten –
men natta er mi, nett no.

Anne Kristin Sønstabø

 

#littavhvert #lørdag #annekristinsønstabø #vereliten #nattaermi #kallmegikkjesterk

10 kommentarer

Siste innlegg