klar bane

 

 

Du vakner liksom litt til
Ser på klokka, litt i tåkeland
Kva er det som er gale med den da
Blinkar mot deg med tal du ikkje forstår
Er batteriet utlada
Har det klikka heilt for den
Null åtte null ni blinkar det
Hæææ  kva???
Forstår ikkje kva klokka fortel
Har du forsove deg?

Kva tid sist har du forsove deg liksom
Aldri på det du kan hugse
Og i dag gjorde du det
Kva i alle dagar
Spretter – ja du las “spretter”, ut at senga
Og den sprettinga er den vanlege og galante; rulle seg ut på kanten, spretten
Virren i hodet og pang start

Så fekk du oppleve det også, tenkjer du
Forsovet deg liksom
Har aldri skjedd før
Men denne dagen skjedde det
Den dagen av alle dagar
Har avtale om ein time
Klar bane!
Her kjem du!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

6 kommentarer

Siste innlegg