Å bli klok på noko
Å bli klok over noko
klok
Det er ikkje så enkelt å bli klok på
Det er ikkje alltid svaret ligg der, sjølv om du i augneblinken trudde det
Der og då var du klok nok, fordi svara du lengta etter, dukka opp
Du vart klokare og gleda deg storlig
Du gleda deg så tårene rant som elvar
Så rann klokskapen på ein måte ut i sanden
Kva var det du vart så klok på, eller over, der og då
Det er for mykje sand rundt deg, og du finn ikkje det kloke igjen
Om du silar sanden, kanskje ligg det der ein stad, det kloke
Kanskje finn du det att,
og kan endå ein gong bli klok på eller klok over,
og glede deg storlig,
på nytt
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
28. januar 2026
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
5 kommentarer




kloke ord :=)
Tusen takk!
Så kloke og fine ord ❤️
Tusen takk, Vera Lynn <3
<3<3<3