konsekvens

 

Om du den gongen, ante konsekvensen
Valga du tok
Kvalmen veller opp i deg eit lite augneblikk
Så svelger du unna og ristar tonkane av
Det går ikkje å tenkje på den, konsekvensen
Konsekvensen har vorte til pga dine valg, og hadde du ikkje tatt dei valga då, ja, då hadde konsekvensen vore annsleis
Då hadde du mest sannynlig ikkje stått der du er no
Mest sannsynlig
Konsekvens – kva det betyr – vegen du har valgt
Klokskapen har kome sigande – erfaringar rikare
Mange tårer felt og mange gleder mottatt
Det går i ring, sakte fart, mens tonkane flyt utover
Du har møtt deg sjølv i døra mong ein gong, og tatt konsekvensen der og då
Eller, du har rygga unna, og unngått konfrontasjon
Konsekvens og konfrontasjon
Om du hadde vore like opplyst den gangen som no
Då hadde du kanskje ikkje lært noko på reisa di då
For det er vel derfor du er her, for å utvikle deg
Det er berre det at av og til er konsekvensen litt vond å sjå tilbake på

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
18. november 2025

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg