kronikar..

 

Kronikar….
Du hadde gløymt det ordet ei stund..
Forstår ikkje heilt kvifor du hanglar slik og ikkje klarar kome deg ovanpå
Å henge i synkemyra der nede kjennes ikkje så godt,
og turen opp er tyngre etter kvart
Kvifor?
Kvifor havnar du her..

Eit nytt fall ned i ei hengemyr som ikkje berre henger,
men gyngar sopass at du til stadigheit mistar grepet og fotfestet
Gong etter gong….
Du er kronikar
Eit ord du gløymer å ta innover deg

 

Det er det som ligg i botnen og styrar skipet
Du kan ville så mykje du vil, og ha kontroll
Brått forandrar skipet retning og lavtrykka siger på
Det gyngar voldsomt, og lagar kaos
Til du har fått nytt fotfeste og nytt grep
kronikar…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

#tankerblirtilord #kronikar

15 kommentarer

Siste innlegg