krum rygg

 

Med ransel,
pĂĄ ein krum rygg i motvind
SĂĄnn var det, rett og slett
Krum rygg og motvind, og ofte med ein ransel
Sjøsprøyt, store elvar, tak som lettar, og krum rygg
Brøyte veg og kome fram

Ut
Ut i været
Ei smal sak det
Ut mĂĄtte du for ĂĄ komme til andre, og dĂĄ gikk du dĂĄ
Uansett vær og vind
Krumbøygd i vindkasta,
med gummistøvlar eller cherrox, alt etter om det var snø,
kaldt eller berre regn eller slaps

Ut
Søkk gjennomvåt i regnjakke og regnbukse, men det gjorde ingenting
Det var berre å tørke til neste omgang
Paraply fungerte av og til, om ikkje vinden tok den
Vrengte den i eit vindkast
Med krum rygg i motvind, nesten frĂĄ barnsbein av
Men ranselen hang pĂĄ i medvind ogsĂĄ
Det var ikkje berre motvind
Det var sidevind, nordavind og den herlige medvinden

Ranselen var ikkje sĂĄ tung lenger heller,
og ein krumma rygg vart rettare og rettare
Til slutt var det ikkje nokon krum rygg igjen
Den var retta ut i mange centimeter over bakken,
og ingenting hang lenger pĂĄ ryggen

Var det været som var forandra
Var det ikkje motvind lenger
Var det sidevind og medvind
Ingen orkanar og sjøsprøyt eller tak som føyk
Og ryggen, var det den som var endra
Holdninga rett og slett
Kva hadde skjedd

Ranselen var bytta ut med; ingenting
Eller, kanskje hendene var fulle
Og dĂĄ gjer det ingenting om elva er stor og renner over sine breddar
Eller vinden blĂĄser, slik den er berre ĂĄ lene seg pĂĄ
Krum rygg, nei, det er lenge sidan

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
15. oktober 2024

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg