kvar er vegen…

 

sakn, sorg og fortvilelse
dei tusen spørsmål
kvifor
tomme ord
tomme svar
tomme lovnader
null svar
det du søker må du finne ut av sjølv
det gjer vondt
det gjer vondt å sjå på
være vitne til
være medmenneske
empatisk
forståelsesfull
åpen og ærleg
tenne fyr på all bitterheit
svelge stoltheita og akseptere
men det er ikkje greit
det er ikkje ok
det er ikkje på langt nær godt nok
kvifor

skjebnen
var det slik det skulle bli
ønska det ikkje slik
ønska alt anna
ønska alt
står igjen åleine
ønska ikkje
ransaking
forstår ikkje
fortvilelsen brenn gjennom kvar fiber i kroppen
alle spørsmål
alle svar
når ingen svar foreligger
stillheita
aaaaaaah kvifor vart det slik
tusen millionar spørsmål
og alle stjernene på himmelen
du ser opp, leitar, men ser ikkje noko
sjølv om stjernene er vakre
kvar er vegen

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

7 kommentarer

Siste innlegg