livskiten…

 

Her er eg, ropast det ute i mørket
Det var Gyda som kom!
Om du trudde eg hadde gløymt dokke der ute i havgapet, håh neida!
Høyrer du meg no då?
Og det ekslpoderte i krefter frå ei anna verd
Gyda!
Midt i svartaste natta kom etternølinga
Då hadde det vore stille lenge nok.
Gyda small til og følelsen av ein tornado langs husveggen var tydelig.
Som brølande løver i hopetal og hundre elefantar trampande, kom ho som kasta på.
Tanken om ei fredelig Gyda var som blåst vekk.
Ho kom, ho viste krefter og skremte livskiten av meg, før ho drog vidare.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#gyda #tornado #orkan #fullstorm #gydakom #gydahaddeikkjeglømtbygda #minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

26 kommentarer

Siste innlegg