luke nr 18

Hei desember,
og ventetida inn mot julafta

 

18. desember er åpna ✨️

Forberedelser mot jul, er i gang 💜
Og her kjem ei historie,
frå nokon til nokon, den andre eller dei andre
Vær med om du vil, inn i adventstida,
og sjå kva som skjer,
frå dag til dag!

 

**********
1
Eg er ikkje her, ropar eg
Kvar er du då, spør den andre tilbake
Eg har gøymt meg, svarer eg
Men eg ser deg, seier den andre
Ikkje sjå på meg då, seier eg
Eg er usynleg
Åhja, er du usynleg ja….
Då ser eg deg ikkje

2
Ein kan no late som, seier den andre
At ein ikkje ser
Ja, det kan man, men eg ER usynleg
Ser du ikkje at du IKKJE ser meg då?
Den andre høyrer at stemma vibrerar
Er du lei deg for noko, spør den andre

 

💜  Luke 3 er 1. Søndag i advent 💜

 

4
Kvifor spør du om det, svarer eg
Kvifor trur du eg er lei meg
Fordi eg høyrer det på stemma di, svarer den andre
På stemma mi?
Kva er gale med den då?
Eg snakkar no heilt vanleg, svarer eg
Nei, stemma di vibrerar på ein måte som gjer at eg trur du er lei deg

 

5

Ikkje ser du meg og ikkje skal du høyre meg, seier eg
Høyrer du?!
Ja, eg høyrer, svarar den andre med bøygd hovud
Litt såra for å ikkje kome igjennom

Eg sit inne i eit hjørne og synes synd på meg sjølv
Tenkjer at ingen, absolutt ingen, bryr seg
Skapdøra er lukka, men eg høyrer stega til og frå
Vil du ikkje kome ut no?

6
Den andre spør så vent
Kom ut no då, du har vore her lenge nok
Vi er ikkje sinte på deg
Det var ikkje din feil
Eg ser mot døra, og høyrer den andre går

 

7

Den andre veit ikkje kor lei meg eg vart
Det var ikkje meininga å knuse den fine tallerken
Men eg vart så sint i augneblinken
Og då skjedde det, eg kasta tallerken i golvet

 

8

Så sprang eg det eg kunne opp trappene og inn i skapet for å gøyme meg
Tenkje seg til å knuse en så fin tallerk
Svart med gullkant på
Og det var berre eg som fekk bruke den ved bordet

 

9

Sinnet og leid-heita byrjar sige av
Kor lenge skal eg sitje her i skapet, tenkjer eg
Skal eg gå ned igjen
Nei, dei vil berre sjå rart på meg
Den andre og dei andre

💜”Vers”  10 er 2. søndag i advent💜

11
Sakte meg sikkert åpnar skapdøra seg
Eg har site der lenge nok
Høyrer dei er nede, den andre og dei andre
Eg akar på rompa ned loftstrappa og går inn som om ingenting har hendt
Skråe blikk men heilt stille

 

12

Så er alt som før
Heilt til det smell neste gong
Og raseriet spring opp loftstrappa og smell med døra
Det klirrar i tallerkar og vibrerar i lyspærer
Som om det var eit jordskjelv

 

13

Skapet er som ei tenkjeboks
Sitje litt trangt med lukka dør
Furteboks, tenkjeboks, og litt slik «til pass åt deg-boks»
Berre nokon vil ta seg bryet med å leite
Om ein ikkje blir etterlyst, ja då er det liten vits i

 

14
Og om ikkje tenkjeboksa hjelper
Ja då er det berre å vri om nøkkelen til soveromet
Då blir det aktivitet opp loftstrappa
Vitsen er å setje nøkkelen i rette vridninga så dei andre ikkje klarar å lirke den ut
Utspekulert kanskje, men heilt nødvendig

 

15
Då sit eg og frydar meg på innsida
Ja, eigentleg er det vel fordi eg får ei bekrefting på at dei andre bryr seg?
At eg er betydningsfull
Heilt til dei gir opp og eg høyrer skritta ned trappa og døra til kjøkenet lukkar seg
Då er det eg som må gjere noko
Og overgivelse er nøkkelen som åpnar døra
Litt slukørt – men det går an å seie unnskyld frå både den eine og dei andre,
og for meg

 

16
Oppmerksamheitstrengande
Var eg det
Ja kanskje
Eg ville ha vilja mi i allefall
Ville bestemme
Det var vel ein av grunnane til at ein onkel av meg kalte meg
«lisje-mamma»

 

💜“Vers”  17 er 3. søndag i advent💜

 

18
Veslevoksen som eg var hadde ikkje dei vaksne peiling
Dei var rett domme i følge mine tonkar
Og eg satte både den eine og dei andre på prøver støtt og stadig
Og fekk eg ikkje vilja mi, ja då vart eg beint sur då
«surepotte»

**********

 

Stå deg vel 😃

 

12 kommentarer

Siste innlegg