luke nr 23

Hei desember,
og ventetida inn mot julafta

 

23. desember er Ă„pna ✚

Forberedelser mot jul, er i gang 💜
Og her kjem ei historie,
frÄ nokon til nokon, den andre eller dei andre
VĂŠr med om du vil, inn i adventstida,
og sjÄ kva som skjer,
frÄ dag til dag!

 

**********

1
Eg er ikkje her, ropar eg
Kvar er du dÄ, spÞr den andre tilbake
Eg har gĂžymt meg, svarer eg
Men eg ser deg, seier den andre
Ikkje sjÄ pÄ meg dÄ, seier eg
Eg er usynleg
Åhja, er du usynleg ja
.
DĂ„ ser eg deg ikkje

2
Ein kan no late som, seier den andre
At ein ikkje ser
Ja, det kan man, men eg ER usynleg
Ser du ikkje at du IKKJE ser meg dÄ?
Den andre hĂžyrer at stemma vibrerar
Er du lei deg for noko, spĂžr den andre

 

💜  “Vers”   3 er 1. Sþndag i advent 💜

 

4
Kvifor spĂžr du om det, svarer eg
Kvifor trur du eg er lei meg
Fordi eg hÞyrer det pÄ stemma di, svarer den andre
PĂ„ stemma mi?
Kva er gale med den dÄ?
Eg snakkar no heilt vanleg, svarer eg
Nei, stemma di vibrerar pÄ ein mÄte som gjer at eg trur du er lei deg

 

5

Ikkje ser du meg og ikkje skal du hĂžyre meg, seier eg
HĂžyrer du?!
Ja, eg hĂžyrer, svarar den andre med bĂžygd hovud
Litt sÄra for Ä ikkje kome igjennom

Eg sit inne i eit hjÞrne og synes synd pÄ meg sjÞlv
Tenkjer at ingen, absolutt ingen, bryr seg
SkapdÞra er lukka, men eg hÞyrer stega til og frÄ
Vil du ikkje kome ut no?

6
Den andre spÞr sÄ vent
Kom ut no dÄ, du har vore her lenge nok
Vi er ikkje sinte pÄ deg
Det var ikkje din feil
Eg ser mot dÞra, og hÞyrer den andre gÄr

 

7

Den andre veit ikkje kor lei meg eg vart
Det var ikkje meininga Ă„ knuse den fine tallerken
Men eg vart sÄ sint i augneblinken
Og dÄ skjedde det, eg kasta tallerken i golvet

 

8

SĂ„ sprang eg det eg kunne opp trappene og inn i skapet for Ă„ gĂžyme meg
Tenkje seg til Ä knuse en sÄ fin tallerk
Svart med gullkant pÄ
Og det var berre eg som fekk bruke den ved bordet

 

9

Sinnet og leid-heita byrjar sige av
Kor lenge skal eg sitje her i skapet, tenkjer eg
Skal eg gÄ ned igjen
Nei, dei vil berre sjÄ rart pÄ meg
Den andre og dei andre

💜”Vers”  10 er 2. sþndag i advent💜

11
Sakte meg sikkert Ă„pnar skapdĂžra seg
Eg har site der lenge nok
HĂžyrer dei er nede, den andre og dei andre
Eg akar pÄ rompa ned loftstrappa og gÄr inn som om ingenting har hendt
SkrÄe blikk men heilt stille

 

12

SĂ„ er alt som fĂžr
Heilt til det smell neste gong
Og raseriet spring opp loftstrappa og smell med dĂžra
Det klirrar i tallerkar og vibrerar i lyspĂŠrer
Som om det var eit jordskjelv

 

13

Skapet er som ei tenkjeboks
Sitje litt trangt med lukka dĂžr
Furteboks, tenkjeboks, og litt slik «til pass Ät deg-boks»
Berre nokon vil ta seg bryet med Ă„ leite
Om ein ikkje blir etterlyst, ja dÄ er det liten vits i

 

14
Og om ikkje tenkjeboksa hjelper
Ja dÄ er det berre Ä vri om nÞkkelen til soveromet
DĂ„ blir det aktivitet opp loftstrappa
Vitsen er Ä setje nÞkkelen i rette vridninga sÄ dei andre ikkje klarar Ä lirke den ut
Utspekulert kanskje, men heilt nĂždvendig

 

15
DÄ sit eg og frydar meg pÄ innsida
Ja, eigentleg er det vel fordi eg fÄr ei bekrefting pÄ at dei andre bryr seg?
At eg er betydningsfull
Heilt til dei gir opp og eg hĂžyrer skritta ned trappa og dĂžra til kjĂžkenet lukkar seg
DÄ er det eg som mÄ gjere noko
Og overgivelse er nĂžkkelen som Ă„pnar dĂžra
Litt slukĂžrt – men det gĂ„r an Ă„ seie unnskyld frĂ„ bĂ„de den eine og dei andre,
og for meg

 

16
Oppmerksamheitstrengande
Var eg det
Ja kanskje
Eg ville ha vilja mi i allefall
Ville bestemme
Det var vel ein av grunnane til at ein onkel av meg kalte meg
«lisje-mamma»

 

💜”Vers”  17 er 3. sþndag i advent💜

 

18
Veslevoksen som eg var hadde ikkje dei vaksne peiling
Dei var rett domme i fĂžlge mine tonkar
Og eg satte bÄde den eine og dei andre pÄ prÞver stÞtt og stadig
Og fekk eg ikkje vilja mi, ja dÄ vart eg beint sur dÄ
«surepotte»

 

19
Kven vil vÊrte kalla det dÄ
«surepotte»
Var eg verkelegen sÄ sur
BĂ„de den eine og dei andre var nok einige om det
SjÞlv om eg kunne smile ogsÄ
Mulig det var unntaka det, at smilet kom fram
Nei, det er no mÄte pÄ
Eg var dÄ alltid blid eg!
Heilt til dĂžrene small og pĂŠrene eksploderte

 

20
Fantasien
Eventyra vart til
DrĂžyme seg vekk
Lese sÄ blekket spruta
Eg var flink til det
Late som eg var noko heilt anna enn det eg var
SĂžndagsmatineene med opera, kostymar og drama var hĂžgt lista
Inn i fantasiens verden

 

21
Og ikkje nok med det
Men nÄr det fantes verkelege ballkjolar i omlÞp, like opp i bakkane
DĂ„ var eg og dei andre der og kledde oss ut i dei vakraste prinsessekjolar
Tenk Ä ha ei mor som hadde brukt desse kjolane dÄ
Kjolane fins ikkje lengre
Vi Ăžydela dei
Eg og dei andre

 

22
Det var fine kjolar heime ogsÄ
Og det «Ä late som» varte igjennom heile oppveksten
Late som vi var vaksne
Hadde vi berre visst
Men det gode er at det var trygt
Velsigna trygt var det, sjÞlv om eg hadde nykker som verken den eine eller den andre forstod kvar kom ifrÄ
Skorpeblod, fekk eg hĂžyre

 

23
Lykka er Ä fÄ vÊre seg sjÞlv inn til ei viss grense
LĂŠre rett og galt
Lytte til foreldra, sjÞlv om dei er verdas teitaste akkurat nÄr det gjelder
Det smeller i dĂžrer, klirrer i skap og veggar, og lyspĂŠrer eksploderar
Men det blir kanskje menneske av ein til slutt allikevel
UrokrÄke var eg dÄ aldri
Ikkje nÄr eg var utomhus
Berre heime med den eine og dei andre
Det betydde tryggheit pÄ ein mÄte

***
Skorpeblod betyr at temperamentet kjem frÄ skorpe-slekta, vart det sagt
Spanskt blod i Ă„rane visst nok
Det var ein del forlis av bĂ„tar – og spanjolar kom i land lenger inn i fjordane
Men kven veit
Eg er no uansett frĂ„ skorpeslekta pĂ„ bestefar/morfar`s side – og temperamentet kan vĂŠre som eit vulkanutbrĂ„t

**********

 

⛄StĂ„ deg vel⛄

 

10 kommentarer
    1. he he barn er barn og det blir mange raseriutbrudd gjennom barndommen skorpionslekt eller ikke ,jeg kaller det trassalder som alle skal gjennom :=) men noen er litt verre enn andre hi hi ,ha en koslig lillejulaften ,vi skal ta med alle julegavene oog besÞke dei 3 barna vÄre i Volda/ Ørsta

    2. Jeg lurte veldig pĂ„ betydningen av “skorpeblod”, og der fikk jeg forklaringen! 🙂 Det har blitt sagt min familie skal ha spansk eller portugisisk blod i Ă„rene ogsĂ„, fra disse som kom i land langs kysten. 🙂

    3. Dette har vĂŠrt den fineste julekalenderen spĂžr du meg 🙂 Og litt skorpete kan vi vel vĂŠre alle sammen 😀 Du er jo ogsĂ„ den mildeste, og det friskeste pustet vi vet om 🙂 Klem<3

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    UnngÄ personangrep og sjikane og prÞv Ä holde en hyggelig tone selv om du skulle vÊre uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pÄ nett.

Siste innlegg