luke nr 24

 

Hei desember,
og ventetida inn mot julafta

 

Det er 24. desember og ventetida er over ✨️

Dagen er så vidt åpna,
og det er 4. søndag i advent💜

 

Tenn lys, et lys skal brenne, for denne lille jord
den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor
må alle dele håpet, så gode ting kan skje
må jord og himmel møtes, et lys er tent for det.
Tenn lys, to lys skal skinne, for kjærlighet og tro
for den som viser omsorg, og alltis bygger bro
må fanger få sin frihet, og flyktninger et hjem
Tenn lys, for dem som gråter, og dem som trøster dem.
Tenn lys, tre lys skal flamme, for alle som må slåss
for rettferd og for frihet, de trenger hjelp fra oss
må ingen miste motet, før alle folk er ett
Tenn lys, for dem som kjemper, for frihet og for rett.
Tenn lys, nå stråler alle, de fire lys for ham
som elsker alt som lever, hver løve og hvert lam
tenn lys for himmelkongen, som gjeterflokken så
nå møtes jord og himmel, i barnet lagt på stå.
Tenn lys for livets rikdom, for jord og luft og vann!
Tenn lys for fred og vennskap, for barn i alle land!
Må ingen være redde og mangle hjem og brød!
Tenn lys og håp i verden mot fattigdom og nød!

 

 

Forberedelser mot jul, er i gang 💜
Og her kjem ei historie,
frå nokon til nokon, den andre eller dei andre
Vær med om du vil, inn i adventstida,
og sjå kva som skjer,
frå dag til dag!

**********

1
Eg er ikkje her, ropar eg
Kvar er du då, spør den andre tilbake
Eg har gøymt meg, svarer eg
Men eg ser deg, seier den andre
Ikkje sjå på meg då, seier eg
Eg er usynleg
Åhja, er du usynleg ja….
Då ser eg deg ikkje

2
Ein kan no late som, seier den andre
At ein ikkje ser
Ja, det kan man, men eg ER usynleg
Ser du ikkje at du IKKJE ser meg då?
Den andre høyrer at stemma vibrerar
Er du lei deg for noko, spør den andre

 

💜  “Vers”  3 er 1. Søndag i advent 💜

 

4
Kvifor spør du om det, svarer eg
Kvifor trur du eg er lei meg
Fordi eg høyrer det på stemma di, svarer den andre
På stemma mi?
Kva er gale med den då?
Eg snakkar no heilt vanleg, svarer eg
Nei, stemma di vibrerar på ein måte som gjer at eg trur du er lei deg

 

5

Ikkje ser du meg og ikkje skal du høyre meg, seier eg
Høyrer du?!
Ja, eg høyrer, svarar den andre med bøygd hovud
Litt såra for å ikkje kome igjennom

Eg sit inne i eit hjørne og synes synd på meg sjølv
Tenkjer at ingen, absolutt ingen, bryr seg
Skapdøra er lukka, men eg høyrer stega til og frå
Vil du ikkje kome ut no?

6
Den andre spør så vent
Kom ut no då, du har vore her lenge nok
Vi er ikkje sinte på deg
Det var ikkje din feil
Eg ser mot døra, og høyrer den andre går

 

7

Den andre veit ikkje kor lei meg eg vart
Det var ikkje meininga å knuse den fine tallerken
Men eg vart så sint i augneblinken
Og då skjedde det, eg kasta tallerken i golvet

 

8

Så sprang eg det eg kunne opp trappene og inn i skapet for å gøyme meg
Tenkje seg til å knuse en så fin tallerk
Svart med gullkant på
Og det var berre eg som fekk bruke den ved bordet

 

9

Sinnet og leid-heita byrjar sige av
Kor lenge skal eg sitje her i skapet, tenkjer eg
Skal eg gå ned igjen
Nei, dei vil berre sjå rart på meg
Den andre og dei andre

 

💜 “Vers”  10 er 2. søndag i advent 💜

11
Sakte meg sikkert åpnar skapdøra seg
Eg har site der lenge nok
Høyrer dei er nede, den andre og dei andre
Eg akar på rompa ned loftstrappa og går inn som om ingenting har hendt
Skråe blikk men heilt stille

 

12

Så er alt som før
Heilt til det smell neste gong
Og raseriet spring opp loftstrappa og smell med døra
Det klirrar i tallerkar og vibrerar i lyspærer
Som om det var eit jordskjelv

 

13

Skapet er som ei tenkjeboks
Sitje litt trangt med lukka dør
Furteboks, tenkjeboks, og litt slik «til pass åt deg-boks»
Berre nokon vil ta seg bryet med å leite
Om ein ikkje blir etterlyst, ja då er det liten vits i

 

14
Og om ikkje tenkjeboksa hjelper
Ja då er det berre å vri om nøkkelen til soveromet
Då blir det aktivitet opp loftstrappa
Vitsen er å setje nøkkelen i rette vridninga så dei andre ikkje klarar å lirke den ut
Utspekulert kanskje, men heilt nødvendig

 

15
Då sit eg og frydar meg på innsida
Ja, eigentleg er det vel fordi eg får ei bekrefting på at dei andre bryr seg?
At eg er betydningsfull
Heilt til dei gir opp og eg høyrer skritta ned trappa og døra til kjøkenet lukkar seg
Då er det eg som må gjere noko
Og overgivelse er nøkkelen som åpnar døra
Litt slukørt – men det går an å seie unnskyld frå både den eine og dei andre,
og for meg

 

 

16
Oppmerksamheitstrengande
Var eg det
Ja kanskje
Eg ville ha vilja mi i allefall
Ville bestemme
Det var vel ein av grunnane til at ein onkel av meg kalte meg
«lisje-mamma»

 

💜 “Vers”  17 er 3. søndag i advent 💜

 

18
Veslevoksen som eg var hadde ikkje dei vaksne peiling
Dei var rett domme i følge mine tonkar
Og eg satte både den eine og dei andre på prøver støtt og stadig
Og fekk eg ikkje vilja mi, ja då vart eg beint sur då
«surepotte»

 

19
Kven vil værte kalla det då
«surepotte»
Var eg verkelegen så sur
Både den eine og dei andre var nok einige om det
Sjølv om eg kunne smile også
Mulig det var unntaka det, at smilet kom fram
Nei, det er no måte på
Eg var då alltid blid eg!
Heilt til dørene small og pærene eksploderte

 

20
Fantasien
Eventyra vart til
Drøyme seg vekk
Lese så blekket spruta
Eg var flink til det
Late som eg var noko heilt anna enn det eg var
Søndagsmatineene med opera, kostymar og drama var høgt lista
Inn i fantasiens verden

 

21
Og ikkje nok med det
Men når det fantes verkelege ballkjolar i omløp, like opp i bakkane
Då var eg og dei andre der og kledde oss ut i dei vakraste prinsessekjolar
Tenk å ha ei mor som hadde brukt desse kjolane då
Kjolane fins ikkje lengre
Vi øydela dei
Eg og dei andre

 

22
Det var fine kjolar heime også
Og det «å late som» varte igjennom heile oppveksten
Late som vi var vaksne
Hadde vi berre visst
Men det gode er at det var trygt
Velsigna trygt var det, sjølv om eg hadde nykker som verken den eine eller den andre forstod kvar kom ifrå
Skorpeblod, fekk eg høyre

 

23
Lykka er å få være seg sjølv inn til ei viss grense
Lære rett og galt
Lytte til foreldra,sjølv om dei er verdas teitaste akkurat når det gjelder
Det smeller i dører, klirrer i skap og veggar, og lyspærer eksploderar
Men det blir kanskje menneske av ein til slutt allikevel
Urokråke var eg då aldri
Ikkje når eg var utomhus
Berre heime med den eine og dei andre
Det betydde tryggheit på ein måte

***
Skorpeblod betyr at temperamentet kjem frå skorpe-slekta, vart det sagt
Spanskt blod i årane visst nok
Det var ein del forlis av båtar – og spanjolar kom i land lenger inn i fjordane
Men kven veit
Eg er no uansett frå skorpeslekta på bestefar/morfar`s side –  og temperamentet kan være som eit vulkanutbråt

 

****

 

✨️ “Vers” 24 er dei fire lysa ✨️

 

**********

 

Ventetida har vore fin
Og eg håpar du har likt mi lisje historie om det å kunne få være den ein er – utan at nokon skal rette på deg heile tida
Det å prøve ut grenser, kan være ein prøvelse for både store og små
Raseri er ofte forbunde med umulige ungar – som må setjast på plass
Men kan også være ein måte å kreve merksemd på – men litt på feil måte?  – men allikevel, så går det seg til 🙂
Kva er rette og feile måten i eit barnesinn?
Barn må få være seg sjølve – prøve ut grenser så langt det let seg gjere – og ha foreldre som bryr seg og tek vare på – lyttar, og er der for dei
Eg var så heldig

🌟😊🌟

 

Stå deg vel ❤️

Og du,

god jul!

 🎄

 

✨️

8 kommentarer

Siste innlegg