luke nr 6

Hei desember,
og ventetida inn mot julafta

 

6. desember er åpna

Forberedelser mot jul, er i gang 💜
Og her kjem ei historie,
frå nokon til nokon, den andre eller dei andre
Vær med om du vil, inn i adventstida,
og sjå kva som skjer,
frå dag til dag!

 

**********
1
Eg er ikkje her, ropar eg
Kvar er du då, spør den andre tilbake
Eg har gøymt meg, svarer eg
Men eg ser deg, seier den andre
Ikkje sjå på meg då, seier eg
Eg er usynleg
Åhja, er du usynleg ja….
Då ser eg deg ikkje

2
Ein kan no late som, seier den andre
At ein ikkje ser
Ja, det kan man, men eg ER usynleg
Ser du ikkje at di IKKJE ser meg då?
Den andre høyrer at stemma vibrerar
Er du lei deg for noko, spør den andre

💜

Luke 3 er 1. Søndag i advent ✨️

💜

4
Kvifor spør du om det, svarer eg
Kvifor trur du eg er lei meg
Fordi eg høyrer det på stemma di, svarer den andre
På stemma mi?
Kva er gale med den då?
Eg snakkar no heilt vanleg, svarer eg
Nei, stemma di vibrerar på ein måte som gjer at eg trur du er lei deg

 

5

Ikkje ser du meg og ikkje skal du høyre meg, seier eg
Høyrer du?!
Ja, eg høyrer, svarar den andre med bøygd hovud
Litt såra for å ikkje kome igjennom

Eg sit inne i eit hjørne og synes synd på meg sjølv
Tenkjer at ingen, absolutt ingen, bryr seg
Skapdøra er lukka, men eg høyrer stega til og frå
Vil du ikkje kome ut no?

6
Den andre spør så vent
Kom ut no då, du har vore her lenge nok
Vi er ikkje sinte på deg
Det var ikkje din feil
Eg ser mot døra, og høyrer den andre går

**********

 

Stå deg vel 💜

 

8 kommentarer

Siste innlegg