lukta av barndom…

 

Eit lysglimt av minner.
Blå genser med striper og perlekjede.
Lukta av barndom som sneia forbi.
Dette gode og trygge frå farne tider.
Då EG var lita.
For eg har det, eg og, vore lita.
Kort og skeiv pannelugg og tenner som mangla.
Uvitenheit om det vaksne livet som venta.
Eit lysglimt av noko som har vore,
for så lenge lenge sidan.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#minedikt #nårtankerblirtilord #etdiktomdagen #minner #farnedagar #vaksnelivet #farnetider #uvitenheit #lysglimt #barndom

8 kommentarer

Siste innlegg