Du hugsar det så godt
Campinglivet –
nysgjerrigheita av kven andre som var der, i hytter og telt og campingvogner
På leikeplassen, i sjøen, eller ved speleautomaten
Den automaten der du kunne fiske opp ein vakker ring eller noko anna du ynskte deg
Sommar og ferie og camping på framande stadar
Nye bekjentskap og nye brevvenner
Veksle navn og adresse
Nysgjerrige
Leike i lag utan å vite kven den andre var
Sommarane før i tida – då du sjølv var liten
Det kjem sigande – latteren og gleda
Sorg ved avskjed
Badedrakter med vakre fargar – og bikini likeeins
Ei hytte med køyesengar
Rastebord og stolar
Kjølebegg – og den var blå
Bade heile dagen
Springe rundt i ring,
ete is og drikke brus og ete godteri
Grilling vart det nok også, i allefall hos naboen
Spele badmington
Jau, det sig på, med minner
Frå farne dagar
Kjenner dufta av sjø, badering, føter som plaskar, latter og leik
Trongt om plassen og kle over alt
Campinglivet var godt – i allefall for oss små
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
6. august 2024
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
Nydelig bilde
Og ja, barndommen var fin for meg i alle fall
Mange fine minner <3
Takk for det
Mange fine minner ja – fra en fin fin barndom. Vi har vært heldige, tror jeg på 
Nydelig
Og i dag blir det en fin mandag
Tusen takk! I dag blir det en fin fin mandag!