lut i ryggen

 

Det er ikkje enkelt å gå med rak rygg og heva hode i dagens samfunn.
Folk flest har så lett for å døme.
Folk flest tar sin rett til å vite på førehand.
Vite, og gi viten vidare til andre.

 

Folk flest veit av og til meir enn den det gjeld,  veit sjølv.
Folk flest veit best ?
Går det med hodet heva og rak rygg?
Kanskje trur du då at du er noko bedre enn alle andre?

 

I følge folk flest kan det være noko i det ja….
Men det er berre sunt å gå med rak rygg og heva hode.
Då slepp ein verte lut i ryggen.
Og er ein litt lut i ryggen ein dag, då veit folk flest noko der også.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

#minedikt #repost #etdiktomdagen #repostminedikt #folkflest

6 kommentarer

Siste innlegg