Skal skal ikkje
Av og til skulle ein ynskje å krumme ryggen litt ekstra og gå på
Men det er ikkje som før
Før, når ein ikkje lytta til kroppen, og stanga inn mål både her og der,
heilt til det ikkje gjekk, måla stanga utanfor – og møtte veggen med eit smell
Det kjem dei dagane ein veger for og i mot
Er det viktig
Må eller må ikkje
Sjølv om kanskje samvitet seier at ein bør og vil
Av og til er det godt å setje seg godt til rette i stolen og berre ta det med ro
Det ein hadde lyst til å gjere, må passere
Det kjem andre moglegheiter
Å lytte til kroppen har vorte betre
Viktigare
Det er ei meistring å klare akkurat det, å lytte til kroppen
Det var ei tid då den kom i både andre og tredje rekke, kroppen
No er den komt i fyrste rekke
Kropp og hode treng meir ro
Super-kvinna finnes der, men ikkje så tydelig lenger, på utsida
Innvendig herjar ho vilt omkring seg, med alt som skulle vore gjort
Diskusjonane for og imot –
skal skal ikkje – klarar klarar ikkje – vil og vil ikkje – kan og kan ikkje
Det er mest av vil og kan
Det som var skal – er ikkje så mykje av
Det er mykje å ynskje – også er det det med å være realistisk opp i alt
Slik har det vorte
Ein dag om gongen
Det er noko det også – å møte dagen
Når makta ikkje rår lenger
Alt du klarte
Med bøygd nakke susa du gjennom dagane som den super-kvinna du var
Det er den same super-kvinna som møter dagane no – men på ein annan måte
Meir forsiktig
Du fortjenar det beste, sjølv om du føler det som om det er nest best,
fordi du ikkje maktar lenger
Nest best…
Eller best…
Dei rundt deg synes du er best, uansett kva sjølvinnsikta seier
Å ha gitt hundreogti prosent gjennom eit langt liv – det gir mange stjerner
Kor mange stjerner ein skal ha – eller telle – er kanskje ikkje så viktig når det kjem til stykket
Det er godt å tenkje på at ein har gjort sitt, og det har vore mesta av rein glede
Bidratt
Stått på
Og det er berre slik, at den dagen det ikkje går lenger – då er også det ok
“Stange inn mål med krum rygg” –
det er så monge stjerner at dei ikkje går å telle
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
9. januar 2025
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
Inspirert av bloggeren Kjerringtanker sitt innlegg – “kvelden har kommet”





Mette -en superkvinne uansett, tenker jeg. 🤗
En kvinne som sprer glede og positivitet.❤️
Åååå tusen takk for gode ord <3
<3<3<3