magefølelsen

 

 

Magen.

Magefølelsen.

Du kjenner det på magen.

Det set seg ein stor klump midt i magen.

Ein klump som gjer at du får vondt over heile deg.

Ei usynleg smerte som kjem frå ein usynleg klump i magen.

Ein usynleg klump som ligg der og tærar,

lagar vonde og triste tankar,

og et opp,

sakte men sikkert,

gløden du utstrålte for litt sidan.

Ein usynleg klump du sjølv med dine tankar har laga,

og det er du sjølv som sakte men sikkert kan løyse opp denne klumpen.

Sakte men sikkert sig tankane over i positiv retning,

og du kjenner det løyser seg i magen.

Indre ro.

Løysingsorientert.

Og klumpen blir stadig mindre og til slutt er magevondten borte vekk.

Du og tankane – kan gå begge vegar.

Du kjenner det på magefølelsen.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
26.06.19

 

 

 

#psykiskhelse #tanker #psyke #usynlegklump #mage #magevondt #klumpimagen #helse #vondetankar #tankespinn #minedikt #etdiktomdagen #blogg #lørdag

8 kommentarer

Siste innlegg