medisinar…

 

Helsa fyrst!

Ja, det er det… men dog så vanskelig til tider
Kva skal ein prioritere fyrst og sist
Men, helsa fyrst

Så lenge eg fokuserar på eiga helse for eigen del.
Det er ikkje for andre sin del eg har gjort verken det eine eller andre…
Eg gjer det for meg!
Viktig å fokusere på akkurat det, har min fastlege fortalt meg.
Og når legen set det i perspektiv, ser eg galskapen eg lagar meg i tankerekker til tider.

Stresset og tankekjøret om å bli bra nok,
til å kome tilbake til både arbeid og meir sosialt.
Det blir feil fokus i den prosessen eg er i for tida

Jepsipepsi!

Og då er det nedtrapping på Cymbalta.
Tåler de ikkje

Tålte ikkje Lyrica…
Tåler ikkje cymbalta

Eg har altså bivirkningar som er “mindre vanlig”
Sjølvsagt har eg det… Det er heilt normalt i mitt tilfelle

Så er det dette med at nok er nok
Eg har prøvd det, og det går ikkje
Kroppen taklar ikkje medisinane
Får klare meg utan desse medisinane som hjelper mot nervesmerter
Så får tida vise

Satsar på trening og turer i ulendt terreng – slik som eg har gjort heile tida.
Det er visst ikkje feil – det veit eg jo… men ting tek tid – lengre tid enn forventa – og det må eg fyrst og fremst akseptere sjølv – og er på god veg i den retninga…

 

HELSA FYRST!

 

16 kommentarer

Siste innlegg