menneskekraft

 

 

Dei som for før oss
Kva liv hadde dei
Kva opplevde dei
Og dei hadde sorgar og gleder slik vi har i dag?
Ja heilt sikkert
Bekymringane var ikkje mindre før, kanskje meir
Dei hadde ingenting av det vi har i dag
Kva hjelpemiddel hadde dei i kvardagen

Menneskefraft
Enkle men viktige hjelpemiddel bygd for hand
Utslitne før dei rakk å verte “gamle”
Lav levealder
Vegen var lang, over fjell og vidder
Medisinen var urter om dei turte bruke av det
Kvakksalveri – var mykje av før i tida…
No er utdanninga viktig
Fleire blir redda i dag
Levealderen er høg

Dei som for før oss, og det er monge det
Menneske på jorda, i evigheiter bak i tid
Og den fantastiske utviklinga
Den fantastiske reisa EG har vore med på
Frå EDB til mobil
Vi snakkar teknologi på høgt nivå

Hadde vi klart oss utan
Korleis hadde det vore i dag, utan denne utviklinga
Utan mobil og datautstyr
Då hadde vi levd som vi gjorde på 1980-talet då
Hus-telefonen var i bruk og nettbrett var ikkje oppfunne?

Men vi er her vi er
Dei som var her før, er minne
Dei hadde ei fantastisk tid på sitt vis
Og vi har ei fantastisk tid på vårt vis
Vi har alle vår reise
Vi er her no, og dei som for før, kjem ikkje igjen
So er det vår reise når den tid kjem, so kjem heller ikkje vi tilbake

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

4 kommentarer

    1. Mange flotte refleksjoner. Jeg er spent på om våre barn, barnebarn og oldebarn får oppleve samme teknologiske utvikling som vi har fått oppleve. Det er faktisk vanskelig å forestille seg. Ha en flott fredag 🙂 Klem

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

    Dette skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA.
    Googles Personvernregler og vilkår for bruk er gjeldende.

Siste innlegg