mørketida…

 

 

Det bles og regnar ute
Mørketida kjem fykande
Mørket
Det veltar rundt meg frå alle kantar og eg føler eg kvelast

 

Tenn lys og la det skine opp, seier dei
La det trenge inn i dei mørke krokane og skyve vekk tunge tankar
La regnet skylle vekk tungsinnet og vinden leike med lystigare tankar
Tenn lys og la det skine opp, seier dei

 

Så eg vernar om lyset sjølv på dei mørkaste dagane
Ein dag lysnar det av dag igjen og eg slepp tenne lys for ĂĄ jage tungsinn
Lyset skin og regnet og vinden løyer
Mørket tek pause og eg pustar så lett

 

Det bles og regnar ute
Inne sit eg lunt og godt
Lysa er tende og eg er trygg sjølv på dei mørkaste dagar

 

Det går over – mørket og tungsinnet
Det sig liksom av – slik regnet og vinden sig av
Mørketida og mørketidslandet
Vi er der ĂĄr ut og ĂĄr inn
Tenn lys

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
29.10.22

 

#tennlys #tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg