morsdag

 

Kor mange kort har vi ikkje laga opp igjennom ĂĄra
Det er mor sin dag
Den dagen handa skal kvile
Vi laga kort på barneskulen og i søndagsskulen
Ein tekst vart funne fram, og vi kopierte sĂĄ godt vi kunne
Sirlige bokstavar
Framsida pĂĄ kortet stod det med store eller mindre bokstavar
TIL MOR
FRĂ… MEG
Gratulerer med morsdagen
Og fargane dansa pĂĄ framsida sikkert nok

Det var slik stas ĂĄ gi kortet
Ă… stĂĄ der med tirande auge og full av forventning
Det vakre kortet som var så nøye tiltenkt akkurat deg mor
Fargane var sprakande, det ser eg for meg
Store og smĂĄ bokstavar om ein annan
Og kanskje litt hulter til bulter
Men fint var det
Kanskje var det klipt litt mønster i kantane
Det var og populært – å lage hull-mønster
Det skulle uansett være kort til morsdagen
Og opp igjennom ĂĄra vart det ein del
Stas ja

Om handa til mor kvila den dagen, er eg ikkje heilt sikker pĂĄ
For kven skulle ellers lage middagen?
Men at mor fekk frukost utan ĂĄ lyfte ei hand, det hendte
Og jammen fortjena ho det ogsĂĄ, ho mor
Ei ekstra oppmuntring ein søndag i februar
I dag er det meir styr kanskje
Gavene skal være solide og store
Middagen skal etast ute kanskje
Ja, om det er slik dĂĄ, at mor verte feira ogsĂĄ i dag
Det er kanskje butikkane som feirar ho mest?
Alt som mor fortjenar ĂĄ fĂĄ frĂĄ butikken

Frukost på senga… mykje søl med det
Men tradisjon det og
I dag er det morsdag igjen
Ikkje noko heimelaga kort har eg
Men eg har bokstavane og tonkane og orda
Meininga er god, og eg gratulerar av heile mitt hjarte
Gratulasjonen går ut til alle som har vore heldige å verte mødre
For det er ikkje noka sjølvfølge at ein er mor i dagens samfunn
Valg ein tek eller valg ein ikkje tek
OgsĂĄ blir det slik
Gratulerer med dagen alle mødre
Om du ikkje har fĂĄtt eit heimelaga gratulasjonskort som er laga med heilhjarta innsats,
sĂĄ hĂĄpar eg dagen blir veldig fin allikevel

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
11. februar 2024

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

 

Grasdal Skule - Morsdagskort

Bilde lĂĄnt fra nettet

Morsdag, også kjent som “Mother’s Day” på engelsk, er en internasjonal feiring som hyller mødre og deres betydning i samfunnet. Den norske morsdagen ble inspirert av den amerikanske morsdagen. Den amerikanske morsdagen ble etablert tidligere på 1900-tallet, og ideen om å feire mødre spredte seg raskt til Norge.

Kopiert fra google

10 kommentarer

Siste innlegg