okkesom…

 

Den dagen du ligger lenger i senga om morgenen

For det har du ikkje gjort pÄ det du kan huske.
Det er alltid om Ă„ gjere kome seg opp med ein gong ein vaknar
For smerta gnagar i kroppen
Den har gjort det lenge, smerta

Vore sÄ intens
Men du er sĂ„ vant til det – at smerta er der – og nĂ„r du vaknar ein morgon og synes det er godt Ă„ ligge litt ekstra
DÄ slÄr det deg at noko er annerledes denne morgonen
Smerta er ikkje der
Har du dÄ innbilt deg denne smerta dÄ
Var det innbilning

 

 

Å vĂŠre revmatisk kjennast pĂ„ kroppen og i sinnet
Opp og nedturar
Fysisk og psykisk
Smerta bestemmer mykje av dagen
Og meistringsfÞlelsen ligg som eit varmeteppe rundt deg nÄr dagen har gjort deg godt okkesom

 

 

Det usynlige
Som ikkje sÄ monge forstÄr noko av fÞr dei av ein eller annan grunn fÄr merke den sjÞlv
Smerta ingen forstÄr fÞr dei kjenner den pÄ kroppen
Slitenheita ein ikkje anar kan vÊre sÄ slitsom
TrĂžttheita og oppgittheita
Depresjonen og einsamheita som kjem sigande nÄr ein minst ynskjer det
Dei dÄrlege dagane som av og til fÞlast totalt overmannande og uoverkomelege
Smerta og tungsinnet
Smerta som gnagar er nesten det vĂŠrste

 

 

Og det er dÄ sÄ godt at du finn den medisinen som virkar for deg
Om du tek medisin ein gong for dag eller to gongar
Smertelindring i kremar eller tablettar
VÊre aktiv innan for dine grenser og kva din kropp kan tÄle
Og dei eller den som kjenner deg og kan vĂŠre der for deg
og gje deg akkurat dei oppmuntrande orda du treng akkurat der og dÄ
ForstÄelse
Omtanke og varme

 

 

Mykje klarar du aleine og mykje skal ein overvinne aleine
Men alle har behov for ein heiagjeng
Nokon som stÄr der og gledar seg med deg og trÞstar og forventar
Nokon som stÄr der i mÄlomrÄdet og tek i mot deg uansett kva plassering du kjem inn pÄ

 

 

Oppmuntring og forstÄelse er nÞklar som lÄser opp nedturar
Respekt og aksept gir tryggheit inn i dagen
Du og eg treng alt dette for Ă„ meistre dagen
Og mykje klarar du og eg sjĂžlve
Der den indre styrken fÄr gode oppturar

 

 

 

 

For det som er heilt klart er at negative tankar frÄ utanforstÄande eller nÊre,  ikkje gjer dagen noko bedre
Ikkje klare Ä sjÄ at nokon KAN ha det vondt fordi du ikkje ser noko pÄ utsida
Der det ikkje gjelder vĂŠre synsk men ha empati og innsikt
Ikkje fnyse og seie at du klarar no sÄ mykje
For det er akkurat det som er; du klarar sÄ mykje

 

 

 

Det er ei stor takknemligheit i det Ä klare sÄ mykje
For du klarar det du klarar og mÄ gi slepp pÄ alt det andre som ikkje nokon ser

 

 

 

 

 

#fibromyalgi #smertemeistring #oppognedturar #fysiskogpsykisk #okkesom #varmeteppe #revmatisme #klaresÄmykje #duklarardetduklarar #usynligsjuk #minhelse #mestring

8 kommentarer

    1. Nok et ĂŠrlig, Ă„pent og opplysende innlegg fra deg. Tenk om vi bare kunne hĂžre, se og respektere nĂ„r noen forteller hvordan de har det. Ikke mĂ„tte komme meg alt mulig av rĂ„d m.m. Kjenner meg sĂ„ godt igjen 🙂
      Sender en god klem i dag <3

      1. Ikke sant!
        Tenk om de hadde mĂžtt med et nikk, et varmt blikk istedet for et skrĂ„tt blikk og mange spĂžrsmĂ„l og forslag ….

    2. Fint innlegg og jeg kjenner meg jo igjen i mye her…. sĂ„Ă„Ă„Ă„ deilig med dager da en kjenner seg litt bedre og smertene ikke er helt “pĂ„ topp”..eller bunn er vel rette ordet.. Fint Ă„ komme seg ut uansett..og det Ă„ ta bilder er en fin hobby.. du tar sĂ„ mange flotte… Klem <3<3

    3. Kjempefint og érlig innlegg du har skrevet 😊

      Jeg kjenner meg igjen i det du skriver. Har det selv pÄ samme mÄte. Sliter selv med kronisk betennelsesreumatisme. Ikke alltid at kroppen spiller pÄ lag.

      Ønsker deg en kjempefin onsdag â€đŸ˜Š

      Purr, purr, og klem fra Toril og kattene

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    UnngÄ personangrep og sjikane og prÞv Ä holde en hyggelig tone selv om du skulle vÊre uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pÄ nett.

Siste innlegg